Det seier avdelingssjef Robert Giske.
Fredag gjekk fristen for å kommentere Helsetilsynet sin rapport frå psykiatrien på Hjelset ut.
Den konkluderte med mangel på fagleg kompetanse og at delar av behandlinga som blir gitt ikkje er forsvarleg.
Møter om avvika
- Vi vil blant anna gå, saman med fagmiljøet, inn for å lage ein sjekkliste slik at nyankomne legar og psykologar vil ha ein minimum av kunnskap om behandlingsrutinane og vårt kvalitetssystem, før ein byrjar i den aktive pasientbehandlinga, seier avdelingssjef for vaksenpsykiatrien i Helse Nordmøre og Romsdal, Robert Giske.
Denne veka blir det møter mellom fleire partar i behandlingsmiljøet for å ta tak i dei to avvika som Helsetilsynet påpeika i rapporten. Det eine gjekk på mangel på fagleg kompetanse og det andre viste til at deler av behandlinga ved avdelinga var uforsvarleg.
- Det går på korleis ein systematisk behandlar pasientane, og korleis ein fell det ned i dei ulike hjelpemidla som skal brukast for å gje ei god og varig behandling for våre pasientar, seier Giske.
Godtek kritikken
Fristen for å kommentere rapporten frå Helsetilsynet gjekk ut sist fredag, men avdelingsleiaren godtek kritkken og vil no jobbe for betra forhold både for paseintane og dei tilsette ved avdelinga.
- Det er heilt klart at det ein påverkar det andre. Vi føler at vi er ved avslutninga på ein lang og veldig krevjande prosess, som i hovudsak har vore fokusert på personal og personalomstilling, seier avdelingssjefen.
- No går vi inn i ein ny dimensjon, som gjeld det å få ei god pasientbehandling til dei som treng tenestene våre.