Hopp til innhold

300 i karantene etter gudsteneste: – Eg er veldig lei for det

Åtte einingar i Molde kommune er råka etter at smitte spreidde seg i ein eritreisk kyrkjelyd. Forstandaren beklagar for situasjonen, men seier dei følgde alle smittevernomsyn.

Forstandar Tesfayesus G. Atsmu (29) i Eritreisk Ortodokse Twahdo.

Forstandar Tesfayesus G. Atsmu (29) i Eritreisk Ortodokse Twahdo er veldig lei seg for at smitte har spreidd seg etter gudstenestene deira. Molde opplever stort smittebrot.

Foto: Privat

I dei siste dagane har smitteutbrotet i Molde så langt medført 23 koronasmitta. Alle som har testa positivt til no har tilknyting til det eritreiske miljøet i byen, opplyser kommunen.

Ein vidaregåande skule, to barnehagar, ein barneskuleklasse, vaksenopplæringa og ei barnehageavdeling er midlertidig stengd i kommunen.

Dei to første vekene i november hadde Møre og Romsdal færrast koronasmitta i landet med 32 positive tilfelle, ifølgje FHI.

Éin av dei koronasmitta er tilsett ved Kirkebakken omsorgssenter, som også no er stengd inntil vidare. Tre pasientar og fire tilsette har hatt nærkontakt med vedkommande, og er no sett i karantene. Dei tar heller ikkje inn nye pasientar no.

Molde by

Molde er nest største kommune i Møre og Romsdal med 32.000 innbyggarar. 23 personar er smitta

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vi spreidde sjukdomen

NRK har snakka med éin av dei koronasmitta som også er forstandar og kontaktperson for den eritreiske ortodokse Twahdo-kyrkjelyden i byen. Han kjenner sjølv ingen symptom.

Han seier at dei hadde ein gudsteneste laurdag og sundag i Bergmo småkyrkje der ein av deltakarane viste seg å vere smitta. Det skal ha vore 35 deltakarar laurdag og 35 på sundag.

Forstandaren beklagar sterkt at situasjonen har blitt som den er.

– Vi er ein liten kyrkjelyd, men vi spreidde korona over heile storsamfunnet her i Molde. Eg er veldig lei for det, seier Tesfayesus Gebretnsae Atsmu.

Tesfayesus Gebretnsae Atsmu, forstander for eritreisk ortodoks meinigheit i Molde

Atsmu (29) sit no isolasjon etter å ha sjølv testa positivt. Familien hans som berre deltok på laurdag har testa negativt. Intervjuet med NRK skjedde via videosamtale.

Foto: Privat

Han fortel at dei noterte ned namn og telefonnummer på alle dagen før dei kom. Dei hadde handsprit, passa på talet på folk og sette alle stolane to meter frå kvarandre. Likevel gjekk det gale.

– Vi har følgt alle tiltaka og gjort vårt beste. Dette skjer ikkje fordi vi har brote lova, det skjer fordi korona er ein veldig smittsam sjukdom, seier Atsmu.

Bergmo småkirke

Det er ca. 150–200 i meinigheita ifølgje forstandaren, mens det var totalt 70 som deltok på gudstenestene i Bergmo småkyrkje i løpet av helga.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Blir truleg det største utbrotet

Så langt er 300 er sett i karantene, og det blir stadig fleire. Kommunen testar godt over 100 personar i dag.

– Situasjonen er alvorleg. Dette er nok blir nok truleg det største utbrotet vi har hatt til no, seier kommuneoverlegen i Molde, Cato Innerdal.

Cato Innerdal

Kommuneoverlege Cato Innerdal trur utbrotet blir det største dei har hatt hittil i Molde. – Folk må vere ekstra bevisste no. Hald avstand, ha god handhygiene og hald deg heime ved symptom.

Foto: Roar Strøm / NRK

Han peiker på at utbrotet er svært omfattande fordi det råkar mange verksemder.

– Vi jobbar intensivt med å få oversyn og kontroll. Det er svært viktig at folk er ekstra bevisste på dei generelle råda for smittevern no, seier Innerdal.

– Alle eig dette problemet

Ordføraren i Molde, Torgeir Dahl, oppfordrar alle til å vere bevisste og unngå kontakt med for mange.

– Dette er såpass alvorleg at vi alle eig dette problemet. No må vi mobilisere alt vi har og vere veldig bevisste på smittevern, seier Dahl.

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl

Torgeir Dahl frå Høgre ber alle innbyggarane ta ekstra ansvar i situasjonen dei står overfor.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Han tar fram oppmodinga til statsminister Erna Solberg om å bli mest mogleg heime. Kommunen jobbar intensivt med prøvetaking

–Mange har tatt prøver og vi ventar på fleire resultater. Vi trur vi har betre oversyn i kveld, og kl. 20 har vi nytt krisemøte, seier Dahl.

Kommunen har møtt handelsnæringa for å diskutere situasjonen rundt julehandelen. Dei er bedne om å jobbe aktivt for å sørgje for god nok avstand blant kundar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL