Hopp til innhold

Storshow i Tresfjord

Med tjueseks innslag vart det ein lang, men underhaldande UKM i Vestnes.

Flameable

Håkon Weiberg Olsen er vokalist i Flameable.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Fleire hundre hadde møtt fram til Ungdommens kulturmønstring i Vestnes. Elevar ved Tresfjord skule var arrangørar, og det vart ein flott kveld med gode aktørar i alderen mellom 10 og 20 år.

Flameable

Gruppa Flameable frå Vestnes imponerte.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det meste handla om sang, musikk og dans under arrangementet i Tresfjord skule- og fleirbrukshus. Juryen får ein vanskeleg jobb med å plukke ut dei som skal gå vidare til fylkesmønstringa.

Sang

Elisabeth Anundsen og Emilie Gjelsten frå Fiksdal sang 'Who'll stop the rain'.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I fjor var det 21 400 deltakarar som stilte opp på UKM på 400 lokalmønstringar rundt om i landet.

Mykje folk

Det var fullt hus på UKM i Tresfjord i Vestnes.

Foto: Tore Ellingseter / NRK
West Point

Gruppa West Point frå Vestnes.

Foto: Tore Ellingseter / NRK
Joakim Bjermeland

Joakim Bjermeland imponerte med 'Feeling Good'.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL