NRK Meny
Normal

Driv ettersløkking etter storbrannen

Brannvesenet byrjar no å få kontroll på vegetasjonsbrannen på Smøla. Dei driv no med ettersløkking på staden.

Gressbrann Smøla

BRANN: Det brenn over eit stort område på Smøla. Det arbeidast framleis med å sløkke brannen.

Foto: Magnus Alnes Antonsen / Nordvestnytt

Storbrann på Smøla

Røyken frå brannen er synleg over eit stort område

Foto: Magnus Alnes Antonsen / Nordvestnytt

Brannen spreidde seg frå arbeid rundt ei høgspentmast til terrenget torsdag ettermiddag. Totalt er eit område på 35 dekar svidd av.

– Alle tilgjengelege styrkar er kalla ut. Vi får helikopter til Smøla. Også Tustna brannvesen skal kome til staden. I tillegg er det rekvirert utstyr frå gardbrukarar i området, sa rådmann i Smøla, Kirsten Skaget, tidlegare torsdag ettermiddag.

Totalt har fire traktorar spreidd vatn over brannområdet, brannvesen frå både Aure og Smøla kommune har bidrege, og Hovudredningssentralen hjelpte til med eit skogbrannhelikopter. Også mannskap frå Aure og Smøla heimevernsområde har delteke. I tillegg har mange lokale innbyggarar arbeidd med å sløkke brannen.

– Dei byrjar å få kontroll på brannen no, og driv ettersløkking på staden, seier ordførar i Smøla, Roger Osen (Ap).

På grunn av vind i området er det likevel mogleg at brannen blussar opp igjen. Mannskap frå Heimevernet skal difor gå brannvakt utover kvelden og natta.

– Det er eit krevjande terreng på Smøla, men vi er glad for å kunne bidra, seier Tore Lyngvær i Heimevernet.

Stort område

Lyngbrann Smøla

Bilde tatt frå Hovedredningssentralen sitt helikopter

Foto: Skogbrannhelikopteret

Brannvesenet sleit lenge med å få kontroll på brannen.

– Dette er eit stort område. Men slik vindretninga er no skal det ikkje vere fare for at brannen skal nå bygningar i området, sa operasjonsleiar i politiet, Siri Engdal, like etter klokka 15.

Høgspentmast

Brannen oppstod i samband med arbeid i nærleiken av ei høgspentmast på Vikan. Arbeidet blir gjennomført av ein underleverandør av Neas. Årsaka til kvifor det begynte å brenne er enno ikkje klar.

– Kommunen følgjer no situasjonen løpande. Min rolle er i forhold til den beredskapsleiinga vi har. Sjølve sløkkjearbeidet blir leia av det lokale brannvesenet, seier rådmann Kirsten Skaget.

Laster kart, vennligst vent...