Hopp til innhold

Redda etter 20 timar på sjøen

Det blei ei lang natt for turistane frå Tsjekkia som skulle ut og teste fiskelykka. Etter fleire timar til sjøs blei to personar redda utanfor kysten av Smøla tysdag.

To turister funnet i god behold.

Redningsselskapet arbeida effektivt og fekk turistane trygt til land då varselet kom.

Foto: HRS Sør-Noreg / Redningsselskapet

Fiskarane hadde tatt turen ut frå Veidholmen klokka 16 måndag ettermiddag. Då dei ikkje kom tilbake som planlagt, blei det slått alarm. Rundt klokka 12.30 måndag fekk Redningsskøyta melding frå ein oppdrettsbåt om at dei to var funne ved Ramsøyfjorden utanfor Smøla.

– Begge var i god behald og trengde ikkje helsehjelp, fortel redningsleiar Jan Øyvind Rekeland i HRS Sør-Noreg.

Den nærmaste redningsskøyta i området, RC «Horn Flyer», drog ut for å hente fiskarane då varselet kom.

Begge var godt kledde og i godt humør då vi fann dei, seier styrmann Ole Johan Aune.

– Dei fekk kjeks og brus då dei kom på land, seier Aune.

Kan ha fått problem med motoren

Politiet blei varsla av ein kjenning av dei to som var om bord i båten.

– Vi blei varsla i føremiddag og fekk informasjon om kvar dei kunne opphalde seg, seier operasjonsleiar Leif Arne Mork i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet fekk så varsla vidare til HRS som sette i gang eit søk. Kystvakta var også involvert i søket.

Dei to fisketuristane skal ha vore om bord i båten heile tida.

– Dei skal ha fått problem med motoren, men vi har ikkje fått snakka med dei så vi veit ikkje kva som har skjedd, seier Mork.

Han opplyser vidare at dei to skal vere i god behald.