Hopp til innhold

Her lærer dei å lese på rekordtid

Elevane i Fræna har fått svært gode resultat etter å ha prøvd ut ein ny lesemetode. Ein snakkande PC lærer dei å lese på kort tid.

Elevane i Fræna har fått svært gode resultat etter å ha prøvd ut ein ny lesemetode. Ein snakkande PC lærer dei å lese på kort tid.

Elevane i Fræna har teke i bruk ein utradisjonell måte for å lære å lese. Ein snakkande pc hjelper dei.

Leseopplæring i Fræna

På Sylte skole i Fræna brukar elevane datamaskiner for å lære seg å lese. Den nye metoden gir gode resultat.

Foto: Roar Strøm / NRK

På Sylte skole i Fræna i Romsdal er Kaia Charlotte Pedersen og dei andre førsteklassingane allereie godt i gang med å knekke lesekoden. Og til det brukar dei utradisjonelle metodar. Ein snakkande PC skal lære dei lesekunsten.

– Eg sit og skriv på data, fortel Kaia Charlotte og peikar. Ho skriv orda som stemma i datamaskinen seier.

Metode frå Sverige

Brita Kringstad

Brita Kringstad er lærar ved Sylte skole og var den som fekk innført den nye lesemetoden.

Foto: Roar Strøm / NRK

Metoden kjem frå Sverige, der mange skular har teke den i bruk. I Fræna er det lærar Brita Kringstad som har innført opplegget. Det er lærarane sjølve som lagar oppgåvene, medan eit dataprogram gjer bokstavane på tastaturet om til lyd. Me denne metoden lærer elevane seg å lese på rekordtid.

– Vi ser at elevane gjer det godt på leseprøvene og trur det er dette opplegget som har verka, seier lærar Brita Kringstad.

Svake elevar

Det er spesielt born med lese og skrivevanskar som har nytte av metoden, men den vert brukt av alle elevane.

– Trening på lyden er til god hjelp for alle, men spesielt for dei med vanskar, seier Kringstad.

Kommunen har no teke i bruk programmet på alle skulane. I starten møtte Kringstad skepsis, men viser det seg at færre elevar treng støtteundervisning.

Det er gøy

Ei av dei som likar seg godt framfor datamaskina er Lisa Sylthe.

– Vi lærer å lese. Det er veldig gøy, seier Lisa.

Forskarar i Rogaland har no fatta interesse for metoden, så Kringstad håper elevar rundt om i heile landet etter kvart skal få bruke den snakkande datamaskina i leseopplæringa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL