Hopp til innhold

Massiv støtte til Jonevret

Jonevret-tilhengjarar gjekk i tog måndag kveld for å vise den sparka Molde-trenaren si støtte.

Støttetog

Molde-supporterar viste si støtte til den sparka trenaren, Kjell Jonevret, i Molde sentrum måndag kveld.

Foto: Anne Solli

Støttetoget gjekk frå Rådhusplassen i Molde til Aker Stadion klokka 18.30, og var ein del av ein aksjon for Molde FK- supporterar til å vise si støtte til den sparka Molde-trenaren Kjell Jonevret.

Aksjonen var ein uavhengig protest, og hadde ikkje noko med supporterklubben Tornekrattet å gjere, sjølv om initiativtakar Anne Solli frå Molde håpte at også supporterar frå Tornekrattet skulle møte opp.

I alt var det omlag 30 personar som møtte opp for å gå i støttetoget.

Nystarta aksjon

Solli tok initiativet til aksjonen tidlegare i dag og har brukt måndagen til å oppfordre folk til å møte opp.

– Ta med MFK-effektar, lag plakatar, rensk songstemma og kom, oppfordra Solli på nettsamfunnet Facebook.

Anne Solli

Anne Solli som har teke initiativet til støtteaksjonen for Kjell Jonevret (Foto: Privat).

For å vise takksemd

Solli seier til NRK Møre og Romsdal at aksjonen var eit høve til å vise si takksemd overfor det Kjell Jonevret har gjort for Molde Fotballklubb.

– Han har gjort mykje for oss og har vore utruleg godt likt heilt ifrå første dag, seier ho og vil minne folk på kor godt fotballklubben gjorde det i fjor.

– Det har vore fleire uheldige tilhøve som har ført til at det har gått feil veg for Molde Fotballklubb siste tida. Det er ikkje berre trenaren sin feil, påpeikar Anne Solli.

Støtteaksjon

Rundt 30 personar møtte opp for å gå i støttetog.

Foto: Anne Solli

Oppfordra fleire til å møte

– Trur du denne aksjonen vil gi ei effekt?

– Så politisk har eg ikkje tenkt, ler Solli.

– Det handler eigentleg berre om at Kjell Jonevret skal få si siste takk frå oss. Eg har sendt han ei tekstmelding og håpar at kanskje han også dukkar opp.

– Trur du det kjem mange?

– Eg håpar at flest muleg møter opp, men kor stor effekt denne aksjonen får, nei det veit eg ikkje, smiler ho.