Hopp til innhold

Stor misnøye hos jordbærdyrkarane

Der er stor misnøye med årets jordbruksoppgjer i jordbærbygda Valldal. Jordbærbøndene meiner bærdyrking er oversett i landbruksavtalen. Enkelte av dei rundt 30 jordbærdyrkarane i Valldalen vurderer no om dei i det heile teke tør å satse på dyrking av jordbær denne sesongen, seier Kristin Sandnes, leiar i Indre Storfjord bondelag. Årleg brukar kvar bonde fleire hundre tusen kroner for å gjere i stand åkrane til bærdyrking. Sandnes fryktar dei ikkje får att for innsatsen fordi det ligg dårleg lønsemd i jordbruksavtalen.

Jordbærplukking på Myklebust i Valldal
Foto: Sissel Brunstad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL