Hopp til innhold

Stille før stormen

- Alle småbåteigarar bør sikre verdiane sine før stormen veltar innover fylket vårt laurdag. Det seier formannen i Søre Vaulen småbåtlag på Nerlandsøya, Oddgeir Madsen.

Småbåteigarar bør sjekke fortøyingane

Oddgeir Madsen meiner alle småbåteigarar bør sjekke båtane sine før stormen. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Det er meldt storm og derfor er det viktig at alle som har småbåtar i hamner langs kysten tek turen i dag og sjekkar at alt er i orden.

Oddgeir Madsen fortel at på Nerlandsøya kan det blåse friskt, men det bles jamnt og dei har ikkje hatt alvorleg skade tidlegare på fartøya som ligg i småbåthamnene rett innanfor Nerlandsøybrua i Herøy.

Madsen ruslar nedover den småglatte flytebrygga og sjekkar at alt er som det skal. Han sikrar båten litt ekstra og strammar fortøyingane.

Båtane som ligg her kostar ein del pengar og ikkje minst krev forsikringsselskapa at båten skal vere forsvarleg festa og at det vert gjort tilsyn både med båt og fortøying. Om dette ikkje vert gjort kan forsikringsselskapa avkorte heile eller delar av forsikringa om det skulle verte skade på fartøyet til dømes under uver.

Frå småbåthamna på Nerlandsøya

Frå småbåthamna på Nerlandsøya.

Foto: Arne Flatin / NRK

Nesten sterk storm

Veret i dag har vore strålande og på mange måtar har folk hatt ei slik stille før stormen kjensle. Men på våre kantar veit folk at veret skiftar fort.

I følgje yr.no er det i morgon kveld meldt full storm, 29 m/s frå vest-sørvest i området ved Nerlandsøya. Det er tett opp mot sterk storm.

Småbåthamn Nerlandsøya

Nydeleg ver på Nerlandsøya i dag.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL