Hopp til innhold

Stenger Valldøla for fiske

Valldal elveeigarlag har vedtatt at det ikkje skal vere fiske i elva Valldøla i sesongen 2019. Bakgrunnen for stenginga er at det er dramatisk lite fisk i elva, både gytelaks og yngel. – Å stengje elva for fiske er einaste tiltaket elveeigarlaget rår over med tanke på å gjere noko for å betre situasjonen, seier styreleiar Stein Kristian Valdal. Håpet er å få løyve til å starte kultivering. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gitt løyve til å fiske laks på den nedre strekninga av elva og flytte den oppom laksetrappa på Hoel.

Laksefiske ved Holsbrua i Valldal
Foto: Frode Berg / NRK