Hopp til innhold

Stenger Fv 63

Fv. 63 Geiranger-Langvatn blir stengt frå klokka 20 fredag fordi det er meldt snø. Trollstigen kan også bli stengt på kort varsel. - Det er meldt ein god del nedbør og minusgrader og vegen mellom Geiranger og Langvatn ligg på over 1000 meter på det høgste. Det er ikkje trygt å ha bilistar med sommardekk på fjellet når vegen ikkje er berr, fortel byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen. Det blir gjort ny vurdering om vegen kan opnast laurdag føremiddag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL