Hopp til innhold

Stengd dør for valdtekne

Kvinner som blir utsette for valdtekter kan i framtida møte ei stengd dør hos overgrepsmottaket i Ålesund. Kommunen manglar pengar.

Ulukkeleg kvinne
Foto: Sara Johannessen / Scanpix

Kvinner i naud har hittil ikkje møtt ei stengd dør når dei har tatt kontakt med det interkommunale overgrepsmottaket i Ålesund. Men no truar Ålesund kommune med å nekte hjelp. For mange av sunnmørskommunane vil ikkje vere med på spleiselaget, og dermed sviktar økonomien.

Håper å få fleire med

Ålesundsrådmannen vil no ta kontakt med dei kommunane som har takka nei til å vere med på det interkommunale overgrepsmottaket. Håpet er å få dei til å delta:

- Det kan jo vere at kommunane trur dei ikkje har slike kommunar. Men det viser seg at bortimot samlege kommunar er representerte gjennom dei som har oppsøkt senteret, seier Dahl Grønnevet.

Ragna Dahl Grønnevet

Rådmann

Foto: Aina Rødal / NRK

45 saker på eitt år

Det interkommunale overgrepsmottaket i Ålesund blei opna 1. desember 2008, og så langt har ni kommunar vore med på spleiselaget. Fem har takka nei og tre har ikkje svart. Dette første driftsåret har mottaket hatt 45 saker, ifølgje rådmannen også saker frå samtlege av kommunane som har takka nei. Frå 15. november får berre kvinner frå deltakar-kommunane hjelp.