Hopp til innhold

Ras mellom Eidsdal og Geiranger: Vegen kan bli stengt lenge

Eit steinras sperrar vegen mellom Eidsdal og Geiranger. Ein geolog skal i føremiddag vurdere den vidare rasfaren, men vegvesenet trur stenginga kan vare ei stund.

Steinras sperrar vegbanen mellom Eidsdal og Geiranger

Vegen blir ikkje rydda før ein geolog har vurdert vidare rasfare.

Foto: Kåre Andre Berge, Statens vegvesen

Ole Jan Tønnesen

Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Steinras ved Berget mellom Eidsdal og Geiranger

Ei stor steinblokk ligg i vegbanen.

Foto: Kåre Andre Berge, Statens vegvesen

Ifølgje vegvesenet har raset gått ved Berge på fylkesveg 63. Meldinga om steinraset kom like før klokka sju.

– Det har kome ein del steinmassar ned på vegbanen. Det ser ut for at det er ein stor stein og ein del massar , seier Ole Jan Tønnesen til NRK.

Tønnesen seier dei har jobba med opprensking i dette området i ein periode. Vegvesenet har no folk på staden og ein geolog er på veg. Ifølgje Tønnesen vil dei ikkje starte ryddearbeidet før geologen er på plass.

– Vi må ha dagslys slik at geologen får vurdere situasjonen. Vi må vite kvar massane kjem frå og om det er fare for at det skal rase igjen.

Set inn rasferje

Ras mellom Geiranger og Eidsdal

Raset blei meldt like før klokka sju.

Foto: Dagfinn Vågsæter

I morgontimane har det blitt jobba med å få på plass alternative løysingar for dei som brukar vegen. Tønnesen seier dette er ein situasjon dei har god beredskap til å handtere.

– No er jo dette ikkje ein vintersituasjon, så bygda har jo ein annan veg ut og inn. Men vi har valt å seie til Fjord1 at dei skal setje inn ei rasferje.

Trur vegen blir stengt eit stund

Tønnesen seier dei no set inn ei ferje i trekansambandet Liabygda - Stranda -Linge med første avgang frå Eidsdal klokka 0940. Deretter vil dei prøve å få på plass ei rasferje mellom Hellesylt og Geiranger.

– Vi må nok gå ut frå at vegen blir stengt ei stund, så det er viktig å ha både ei kortsiktig og ei langsiktig løysing.

Steinras mellom Eidsdal og Geiranger

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL