Også dei andre selskapa er fornøgde med tildelingane, der fleire nye og mindre selskap også har fått sitt.
Rett utanfor Møre og Romsdal har både Shell, Statoil og Total fått tildelt leiteområde. I tillegg har Hydro og selskapet Pertra frå Trondheim, fått tre blokker like nordaust for Ormen Lange.
Arnt Wærnes, leiar for oljeutvalet i Kristiansund.
- Positivt!
Dei nye selskapa som har fått tildelingar på midtnorsk sokkel, som oljeskelskapet Pertra frå Trondheim, blir møtt med ei positiv haldning i Midt-Noreg.
Leiaren for oljeutvalet i Kristiansund, Arnt Wærnes, meiner dette har vore ein bra tildelingsrunde for regionen, og at dette vil bety mykje for Kristiansund som baseby.