Hopp til innhold

Klart for bygging

Ved nyttår startar bygginga av Rolls-Royce sitt fyrste opplæringssenter. Alle avklaringar er på plass for senteret som skal byggjast i Ålesund.

Maritimt opplæringssenter i Ålesund

OPPLÆRINGSKLYNGE: Opplæringssenteret til Rolls-Royce skal ligge i nær tilknytning til Høgskulen i Ålesund. Brua i framgrunnen er førebels ikkje planlagt bygd.

Foto: Illustrasjon

- Me har litt hastverk med å få på plass eit godt konsept, seier Knut Johan Rønningen.

Han er prosjektleiar for opplæring i Rolls-Royce, og gler seg til å få ferdig opplæringssenteret i september 2011.

- Per i dag gjer me ein del opplæring overfor kundar, men det skjer spreidd ut på kvar enkelt fabrikk. Me har behov for å kome inn i eit felles lokale og gjere det på ein koordinert måte og saman utvikle gode metodar for kundeopplæring. Eit slikt senter gir oss moglegheiter for det, seier Rønningen.

Mykje arbeid igjen

Jon Aasen er prosjektleiar for Norsk Maritimt Kompetansesenter, og er glad for at ein no har endeleg sett fast opningsdatoen for senteret.

Han seier dei har utfordringar framfor seg når det gjeld bygginga, men at mykje av innhaldet i senteret er klart frå Rolls-Royce si side.

- Det er ikkje så mykje som gjenstår i forhold til Rolls-Royce. Dei er stort sett på plass når det gjeld arealet og korleis det skal vere, seier han.

- Betyr mykje

Pressekonferanse om opplæringssenter

EIN GLAD DAG: Den maritime næringa var mellom dei som var representerte for å presentere nyheita i Ålesund torsdag formiddag.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Også Ålesunds-ordførar Bjørn Tømmerdal var til stades på pressekonferansen som vart heldt i forkant av Mørekonferansen i Ålesund torsdag.

- Dette betyr mykje. Ikkje berre for Ålesund, men for heile Nordvestlandet. Det betyr at den maritime klynga er oppegåande, seier ordføraren.

- At eit verdsleiande selskap som Rolls-Royce vel å leggje sitt opplæringssenter til Sunnmøre trur eg alle skal leggje merke til. Det er eit teikn på at her er kunnskap og innovasjon som alle har nytte av for å forsterke arbeidet i maritim sektor i tida som kjem, meiner Tømmerdal.

Hektisk byggjeperiode

Rolls-Royce opplæringssenter i Ålesund

NYBYGG: Opplæringssenteret skal romme mellom anna mekaniske hallar, klasserom og stor parkeringsplass.

Foto: Illustrasjon

Det er Rolls-Royce saman med Westre-gruppen som står bak bygginga av senteret. Opplæringssenteret blir det einaste av sitt slag i Europa, og med byggjestart over nyttår, får ein det hektisk i tida fram til senteret skal vere klart.

- Det som gjenstår er å setje alle puslebitane saman til eit funksjonelt bygg, og det treng me nok tida fram til september 2011 for å få ferdig. Det skal ein vere heilt trygg på, seier Jon Aasen.

- Men det skal stå klart?

- Det skal stå klart. Klart det skal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL