John Magnus Solem svingar saga som ein proff, trass i at han berre har vore på jobb i ei veke.
– Oppgåva er å fjerne lauvskog slik at granplantene får vekse, seier han.
Han er éin av rundt 600 ungdommar som har fått sommarjobb via JOB: U, eit prosjekt der unge deltek i rydding og pleie av ungskog i tre veker.
Sidan starten i 2021 har prosjektet til Skogselskapet og Velg Skog vakse, og i år blir det gjennomført i 10 fylke. Her i Sunndalen er det nordmørsgruppa som er ute i eit plantefelt.
Ungdommane steller ungskogen.
Foto: Eirik Haukenes / NRKRyddar for gran – og rekrutterer for framtida
Målet med prosjektet er todelt: Å sikre god vekst for granplantene og å rekruttere framtidas skogsarbeidarar.
– Vi ønskjer å satse på gran. Då kan vi ikkje ende opp med bjørkebestand. Da har vi bomma, seier Andreas Furnes Fjærli, prosjektleiar for JOB: U i Møre og Romsdal.
Andreas Furnes Fjærli frå Skogselskapet er prosjektleiar for JOB: U i Møre og Romsdal.
Foto: Eirik Haukenes / NRKSkognæringa har eit aukande behov for arbeidskraft. Derfor har myndigheitene og skognæringa gått saman om å finansiere desse sommarjobbane i håp om å rekruttere fleire unge til skogsdrift.
Tarald Thorshov har vore lenge i gamet.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– For 30 år sidan kom ungdom og spurde om sommarjobb. Då slang du til dei ei ryddesag og sende dei ut i skogen. Men slik er det ikkje lenger, seier Tarald Thorshov, skogbruksrådgjevar i Sunndal kommune.
Hardt arbeid og synleg resultat
Alle deltakarane i prosjektet får opplæring før dei startar, og kvar gruppe har ein arbeidsleiar som kjenner både terreng og oppgåver godt.
Resten lærer dei gjennom erfaring.
– Når ein held på i sju timar om dagen, så blir ein sliten. Då gjeld det å ha med seg nok brødskiver til lunsj, seier Ingvar Ulvund.
Ingvar Ulvund synest arbeidsdagane kan vere lange.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– Kva er det beste med jobben?
– Å sjå framgangen. Då vi kom hit, var det heilt overgrodd. Men etter at vi har rydda, ser du kor opent og fint det blir, seier Brage Holten Kvalvik.
Brage Holten Kvalvik tar seg ein kvil.
Foto: Eirik Haukenes / NRK