Hopp til innhold

Start på gaupejakta

Fredag startar gaupejakta og i kvoteområdet i Møre og Romsdal på Nordmøre kan det fellast to dyr, men berre eit hodyr. I heile Møre og Romsdal og Trøndelag kan det fellast 25 gauper, men maks ni hogauper, fordi bestanden i regionen er stor. Naturvernforbundet har tidlegare år klaga på kvotane, men synest ikkje det var grunn til å klage på jaktkvoten i år. – Vi er for jakt på gaupe, berre bestanden er stor nok, seier fylkesleiar Øystein Folden (bildet). Viltforvaltaren i Tingvoll, Lars Erling Koksvik, trur det er nesten 20 gauper berre i Tingvollskogane. – Vi har ikkje felt noko her før, så vi håper vi får det til no. Men det er ei lita kvote, så blir det felt ei hogaupe i Surnadal eller Halsa, så blir det stopp her også, seier han.

Øystein Folden er leder av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Foto: Roar Strøm