Hopp til innhold

Standhaftig lakselus

Villaksen døyr framleis av lakselus, til trass for iherdig kalking av vassdraga.

Villaks
Foto: NRK

Mange vassdrag er så nær oppdrettsanlegg som er så fulle av lakselus at villaksen døyr uansett kor mykje vatnet blir kalka viser forsking.

Situasjonen er ille, seier seksjonsleiar Raoul Bierach ved Direktoratet for Naturforvalting.

Raoul Bierach

Raoul Bierach

Foto: Agnete Daae-Qvale Holmemo / NRK

- Det er sjølvsagt svært alvorleg, for vi bruker mykje pengar på dette, seier Bierach.

Nedslåande resultat

Forsuring av vassdrag har ført til at fleire laksestammar har blitt utrydda. Sidan 1990-talet har difor kalking av vassdrag vore ei av dei store miljøsakene, og styresmaktene har brukt hundrevis av millionar på å bekjempe problemet.

Men no viser ny forsking at kalkinga har vore delvis bortkasta fleire stadar. For mens villaksen i kalka vassdrag på Sørlandet klarer seg bra er resultatet nedslåande på Vestlandet der det er mange oppdrettsanlegg,og dermed også mykje lakselus som angrip villaksen. Resultatet kan bli dramatisk trur Bierach.

Lakselus på villaks

Lakselus på villaks.

Foto: Kjartan Trana / NRK

- Oppdrettsnæringa har heilt klart ansvar og er årsaka til at vi får desse dødelegheitsepisodene. Det er ikkje like ille frå år til år, men vi har opplevd enkelte år der rapportar viser at kanskje så mykje som nitti prosent eller meir av småfisken har dødd.

Har kontroll

Det er altså Noreg si største eksportnæring som sel varer til utlandet for 18 milliardar kroner i året som får skulda for at kalking har vore delvis mislukka. Men Kjell Maroni som er fagsjef i fiskeri- og havbruksnæringens landsforening. Han meiner næringa har kontroll på lakselusa.

- Ein skal ikkje berre skulde på oppdrettsnæringa. I det store og det heile trur eg vi har rimeleg kontroll på lusa. Det er ikkje der skoen trykker først og fremst.

Bør få konsekvensar

Men direktoratet meiner situasjonen er så alvorleg at det bør få konsekvensar for oppdrettsnæringa.

- Etter vår meining er det klart at ein må tenke seg nøye om, om det er forsvarleg å tillate meir vekst i desse områda overhovud, seier Bierach.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL