Hopp til innhold

– Sigeren i dag var viktig for å berge plassen

Hødd dominerte på Høddvoll, men Notodden var effektive og utlikna like før pause. I det 88. minutt avgjorde derimot blåtrøyene til 2-1.

Espen Standal

Espen Standal, her frå trening i sommar, avgjorde fordel Hødd. Han scora 2–1 i det 88. minutt mot Notodden.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Hødd-trenarane

Hødd sin trenarduo, hovudtrenar Lars Arne Nilsen og assistenttrenar Sindre Eid, har snudd ein elendig start til ein veldig god sommar.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Dette var ein veldig viktig kamp. Ein såkalla sekspoengskamp. Med siger er vi åtte poeng foran, hadde vi tapt hadde vi vore to poeng foran Notodden, kommenterte Hødd-trenar Lars Arne Nilsen etter kampen.

Espen Standal måtte starte på benken for første gong sidan 2. serierunde. I det 60. minutt blei han derimot bytta inn mot Notodden på Høddvoll.

I det 88. minutt blei eit bytte om til eit superbytte. Høgreback Akeem Latifu svinga inn frå høgre, og måltjuven frå Ørsta breisida inn 2–1 for Hødd.

Corner i mål

Notodden hadde på førehand prøvd å få utsett onsdagskampen mot Hødd. NFF sa derimot nei, og bortelaget kom til Ulsteinvik med i alt åtte spelarar ute med skader og karantenar.

Det gjorde at Hødd hadde ei gyllen moglegheit. Heimelaget førte kampen frå første stund, utan å vere heilt på topp. Dei fleste sjansane kom mot bortelaget sitt mål, og etter 23 minutt kom 1–0.

Hødd fekk corner, og corneren blei svinga fint inn. Etter litt rot i feltet, fekk Victor Grodås heada inn 1–0 på bakarste stolpe.

Bortelaget på si side verka ufarlege, men plutseleg var dei dødeleg effektive.

I det 32. minutt fekk Notodden corner, der Martin Holmen fekk heada inn 1–1 midt i feltet.

Lars Arne Nilsen

Trenar Nilsen fortel at einaste sesongmål no er å berge 1. divisjonsplassen.

Foto: Arne Flatin/NRK

Medvinden aukar

Hødd starta sesongen elendig, men har klatre gradvis etter at vinden snudde i juni.

– Sigeren i dag er viktig i forhold til å berge plassen i Adeccoligaen, noko som er målet vårt, fortel Hødd-trenaren.

– De klatrar vidare, og medvinden held fram?

– Ja. Men vi spelar ingen god kamp i dag. Vi tek med oss sigeren, seier Lars Arne Nilsen.

Straffemiss frå veteranen

I andre omgang var bortelaget meir med på notane, men det var Hødd som førte kampen. Og berre fire minutt etter pause burde det stått 2–1 på Høddvoll.

AaFK-utleigde Kjell Rune Sellin snappa opp ballen, men blei felt på veg forbi keeper. Frå straffemerket fekk Erik Sandal prøve seg, men Hødd-veteranen si straffe blei for svak.

Notodden-keeperen redda.

Utover i kampen låg Notodden lågt og satsa på kontringar, medan Hødd pressa og pressa.

I det 88. minutt kom 2–1 ved Espen Standal – til stormande jubel frå Høddvoll-publikumet.

No er Hødd oppe på 11. plass. Heile fem lag er bak dei, og om blåtrøyene frå Ulsteinvik held fram i same spor, så vil nok plassen i Adeccoligaen vere berga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL