Hopp til innhold

Stal moped og båt

Seint søndag kveld vart ein kvit, open båt stolen frå småbåthamna på Gjøsund på Valderøya. Båten var ein Sting 353 Pro med ein 40 hestekrefters motor. Måndag morgon fekk politiet inn melding om nytt tjuveri. Denne gongen var det ein moped som hadde forsvunne like ved Coop på Sjøholt. Mopeden er ein gul og svart Java Moscito. Politiet ønskjer tips i begge sakene.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL