Hopp til innhold

Stadig fleire overvektige menn

Det har vore ein kraftig auke i talet på overvektige menn her i landet dei siste ti åra.

Fedme

Det har vore ein kraftig auke i talet på overvektige menn dei siste ti åra.

Foto: Scanpix

Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

I 1998 hadde sju prosent av mennene her i landet alvorleg overvekt medan 10 år seinare har dette vekse til 11 prosent.

Muritunet i Valldal har satsa meir og meir på behandlinga av fedmepasientar dei siste åra, og har ei ambisjon om bli eit nasjonalt kompetansesenter for behandling av fedme og vervekt.

– Farleg utvikling

Dagleg leiar Arne Sandnes meiner utviklinga er alarmerande.

– Det er eit kjempealvorleg problem vi står overfor. Både i forhold til kvar enkelt som får dette problemet, men òg samfunnsøkonomisk, seier han.

Har endra seg

Tidlegere var det først og fremst ortopediske pasientar som kom til Muritunet. No er fleirtalet av pasientane folk med livsstilssjukdomar. Mange av dei er overvektige, og dette har vorte eit satsingsområde for Muritunet.

Asmund Kristoffersen og Arne Sandnes

Asmund Kristoffersen og Arne Sandnes ved Muritunet etterlyser handling for behandling mot fedme og overvekt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Etterlyser handling

Også styreleiaren ved Muritunet, Asmund Kristoffersen, er uroa. Som medlem av Stortingets sosialkomite i 12 år fulgte han helse-Norge på nært hald. Livsstilssjukdomar som overvekt kostar samfunnet dyrt. No etterlyser Kristoffersen handling.

– Tidlegare har det vore mykje prat, men lite som har vorte gjort. Vi treng prosjekt, tiltak og metodar som fungerer slik at folk får den hjelpa dei treng, understrekar Kristoffersen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL