Hopp til innhold

Sprang rundt skulen – samla inn 200 000 kroner

Langevåg skule kunne i dag levere frå seg ein sjekk på over 200 000 kroner til Redd Barna.

Elevane ved skulen i Langevåg samla inn pengar til Redd Barna.

SJEKK: Denne sjekken fekk Redd Barna av elevane ved Langevåg skule.

Elevane ved skulen i Langevåg var i dag samla for å markere at dei gir over 200 000 kroner til Redd Barna. Elevane sprang rundar rundt skulen, og jo meir dei sprang jo meir pengar fekk dei i kassa.

Pengane skal brukast til å hjelpe barn frå Syria som er på flukt.

Cecilia Pedersen i Redd Barna

Cecilia Pedersen i Redd Barna er imponert over elevene.

Foto: Frode Berg / NRK

– Eg er imponert over at ein relativt liten skule har samla inn så mykje pengar, seier Cecilia Pedersen i Redd Barna.

Elevrådsleiar Håvar Indrebø seier at alle han har snakka med har vore positive til innsamlinga.

– Vi har gjort det for å hjelpe flyktningane i Middelhavet og i området rundt. Vi har sprunge rundt skulen og blitt sponsa av onklar, tanter, foreldre og besteforeldre, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL