Hopp til innhold

Spikarmatte gjorde slutt på langvarig politijakt

Politiet måtte bruke både spikarmatte og hund for å få stansa ein bilførar som nekta å stanse for kontroll. Politijakta varte i timevis.

Politi på veg

Til saman seks-sju politipatruljar frå Romsdal og Nordmøre var med på aksjonen for å stanse bilføraren.

Foto: Ottar Rydjord

Tips førte til at politiet på Nordmøre og i Romsdal brukte deler av formiddagen og mesteparten av ettermiddagen på å stanse ein bilførar i 20-åra som nekta å stanse for kontroll. Til slutt blei han stansa ved hjelp av spikarmatte, to kilometer frå Åfarnes, skriv Åndalsnes Avis.

Bilen han køyrde heldt stor fart, og han var til fare for annan trafikk, opplyser politiet. Dei stadfester at jakta på mannen starta i føremiddag og stansa ved Åfarnes først ved 15:30-tida.

Utan førarkort

Politipatruljar frå både Åndalsnes, Molde og Sunndal prøvde å stanse bilføraren, og til saman seks-sju politibilar var med på aksjonen.

– Mannen er ein kjenning av oss, og vi visste at han ikkje har gyldig førarkort. Men kvar gang vi prøvde å stanse han, stakk han av, fortel operasjonsleiar Tove Anita Asp ved Nordmøre og Romsdal Politidistrikt.

Bil i grøfta med politibil på vgen

Først etter bruk av spikarmatte på Fv 64 på Krokset fekk politiet stansa bilen. Her ifrå stakk han av til fots før politiet fekk tak i han ved hjelp av politihund.

Foto: Ottar Rydjord

Ho presiserer at politiet ikkje la seg på hjul med bilen, men at dei hadde augekontakt med han innimellom. Mannen køyrde over store område i indre delar av Romsdal før det lukkast å stanse han.

Spikarmatte og hund

Politipatruljane prøvde å stanse mannen i 20-åra to gonger, men han stakk av i stor fart. Mennen køyrde mellom anna over Vistdalsheia i retning Åndalnes. To kilometer frå Åfarnes la politiet ut spikarmatte. Då punkterte bilen og hamna i grøfta.

– Men mannen stakk av til fots frå grøfta, og vi måtte sende hundepatrulje etter han. Først då klarte vi å stanse mannen. Han kom uskadd frå det heile, seier Asp.

Den vel 20 år gamle mannen frå Romsdal er no hos lege for å blodprøvetaking. Politiet har mistanke omkøyring i rusa tilstand, og kjem til å setje han i arresten i løpet av kvelden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL