NRK Meny
Normal

Songen om det fagre landet som stig av blåe hav

Fagert er landet er ein av våre kjæraste og mest brukte nasjonale songar. Han blei skriven for nøyaktig 110 år sidan, og er framleis folkekjær. Kvifor?

Hjørundfjord i Ørsta kommune

Utsynet over Hjørundfjorden ein speilblank dag, kan vekke nasjonalkjensla hos fleire enn hjørundfjordingane.

Foto: Georgsen, Tone / Scanpix

110 år etter at Anders Hovden frå Ørsta gav oss si hylling til fedrelandet, naturen, skaparverket og menneska i sitt kvardagsstrev, er songen framleis ein sjølvsagt del av nasjonaldagen.

– Det er ein song som berre syngast 17. mai. Det ligg noko i teksten som grip oss. Det trur eg dei fleste kan vere samde i, uansett ståstad, seier Elin Persson, kordirigent for Operakoret i Kristiansund og Tordenskjold Songlag i Surnadal.

Elin Persson

Kordirigent Elin Persson har dirigert kor i over 30 år, og meiner alle vaksne i Noreg kan teksten til Fagert er landet.

Foto: Tommy Rustad

Ho har dirigert kora med Fagert er landet sungen fire-stemt uendeleg mange gongar, og merkar at songen gjer noko med både songarar og tilhøyrarar.

– Teksten er så vakker, lett å forstå, lett å synge og er tydeleg skriven i rein og skjær glede over eit vakkert land, meiner Elin Persson.

Persson trur songen set ord på det mange føler på nasjonaldagen.

Sjølv hadde Anders Hovden tenkt at diktet skulle ha same melodi som Kyrkja ho er eit gamalt hus. Men det er ein over 400 år gamal melodi, skriven av den tyske salmediktaren Melchior Vulpius, som er mest brukt.

Tordenskjold Songlag

Tordenskjold Songlag i Surnadal har vore i samanhengande drift sidan 1908, berre eitt år yngre enn songen til Hovden. Koret er eitt av dei eldste på Nordmøre.

Foto: Ronny Kvande

– Det beste lydsporet

Det skal godt gjerast å unngå å høyre Fagert er landet framført på ein dag som denne. I mest kvar ei krå i rundt om i landet framfører eit kor eller korps songen.

Men han blir også flittig brukt i mange andre høgtidlege samanhengar, som konfirmasjonar og bryllaup.

For lyrikaren, romanforfattaren og bonden Hilde Myklebust i Vanylven er dette ein av dei kjæraste songane.

– Fagert er landet er det beste lydsporet til våronna eg kan tenkje meg, seier Hilde Myklebust begeistra.

Kvinne med sau og geit ved ei bjørk

Lyrikar, bonde og romanforfattar Hilde Myklebust finn stor glede i songen til Anders Hovden som skildrar natur og landskap så godt.

Foto: Privat

I sitt eige forfattarskap tek ho ofte utgangspunkt i naturen og menneska som lever og bur i der.

– Fagert er landet er ein høgstemt, men jordnær salme som hyllar skaparverket og arbeidsnevar med skit under neglene. For meg osar det vår og vilje av Hovden sitt dikt, det syner ein underliggjande samanheng i alle ting og dei krinslaupa som omgjev oss, seier ho.

Nynorsk songskatt

Fagert er landet er absolutt ein av våre nynorske songskattar, og går inn i eit spekter av slik, skrivne av Elias Blix, Ivar Aasen og fleire andre, seier Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum, styreleiar i Språkrådet og sakprosaforfattar.

Det er tydelege gudsmotiv hos både Hovden og dei andre som skreiv fedrelandssongar omlag på same tida. Koplinga av kristendom og fedreland trefte tida og gjorde songane kjære for mange, seier han.

Ottar Grebstad

Ottar Grepstad er direktør for Nynorsk kultursentrum og styreleiar i Språkrådet, og meiner "Fagert er landet" treff noko i hjartet til nordmenn.

Foto: Aina Rødal / NRK

Gepstad meiner også tida var på lag med Anders Hovden då han skreiv diktet, og viser til at songen raskt blei innarbeidd med ein solid posisjon i norsk songtradisjon.

Hovden skreiv songen like etter Unions-oppløysinga i 1905, og tematiserer ei sterk, positiv nasjonalkjensle gjennom skildringa av norsk natur og Vårherre. Denne koplinga mellom kristendom og naturen kalla på klokker i folket, og gjorde han folkekjær.

Når songen framleis lever 110 år etter at den kom til, viser det at han treffer noko i vår tid. Også hos dei som ikkje går så mykje i kyrkja, meiner han.

Krokus

Sol, krokus, vår under høg vårhimmel.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Songen er blitt svært allmenn, og større enn seg sjølv. Det som måtte vere i songen av forkynning, er ikkje det viktigaste for folk, men at det er ein god og viktig tekst å synge, meiner Ottar Grepstad.

Inspirasjonen ved Krøderen

Det var altså presten, diktaren, nynorskforkjemparen og folketalaren Anders Hovden, fødd og oppvaksen mellom fjell og fjord i Hovdebygda i Ørsta, som skreiv diktet om det fagre landet.

17. mai på Krøderen

17.mai i Krøderen. Den kjende fedrelandssongen som blei til nettopp i dette området, har vore spelt og sunge mang ein gong.

Foto: Ola Ingvoldstad

Hovden fekk inspirasjon til å skrive diktet under ein skitur ved Bjertnes prestegard då han var sokneprest i Krødsherad i Buskerud tidleg på 1900-talet. I boka om Hovden, skriven av Jens Kåre Engeset i 2002, står historia igjenfortalt.

Det var ein herleg kveld. Eg gjekk på ski, åleine frå prestegarden ned til Bjertneset. Alt var berre snø og store stilla. Over landskapet, garden, bygda, den tilfrosne Krøderen og skogane attom kvelvde seg himmelen, strødd med stjerner, endå månen skein alt han kunne og la ein fantastisk eventyrljoske over alt saman. Eg hadde slik ei fin løype. Då steig landet fram. Medan eg går der såleis opp og ned, vert salmen ferdig. Eg går berre inn på kontoret mitt og skriv han ned.

Diktet stod på prent førte gong i diktsamlinga hans Solhov i 1907, altså for nøyaktig 110 år sidan.

Omstridd prest

Engeset skriv i boka Anders Hovden, Diktarprest og folketalar at Hovden var ein omstridd og særmerkt person.

Maleri,portrett av Anders Hovden

Anders Hovden portrettert av Karl Straume. Biletet er i Ålesund Kunstforening sitt eige.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Han skreiv fleire bøker, og både barnebøkene og fleire romanar han skreiv, blei svært populære. Det var likevel som talar, lyrikar og salmediktar han nådde lengst. Men han var ein omstridd person. Både i målsak og i teologiske spørsmål var han så markant, at det vart organisert underskriftkampanjar mot han alle dei fire stadane i landet han arbeidde som prest.

Sjølv om bokmålsfolket på Lista, i Krødsherad, Melhus og Østre Toten protesterte mot nynorskmannen då han blei tilsett, blei han ein folkekjær prest.

Engeset skriv at Hovden i sine godt mogne år ønskte seg tilbake til heimlege trakter. Han var lukkeleg over å få stillinga som prest i Ålesund, men blei svært skuffa då det også der blei sett i gang aksjonar mot han. No var det dei tilsette i kyrkja som meinte han var for teologisk radikal. Det blei mykje omtale i avisene, og til slutt valde Hovden å trekkje seg frå stillinga.

Statue av Anders Hovden

Statuen av Anders Hovden i Ørsta sentrum er laga av bilethoggar Anne Grimdalen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Med eit skråblikk drog han sjølv konklusjonen i Sunnmørsposten: Eg var sokneprest i Ålesund i 14 dagar, og eg tenkjer det var just høveleg lang tid, skreiv han.

– Anders Hovden var eit særmerkt menneske som kjempa mot intoleranse, hyklarskap, dømesykje og åndeleg latskap, for den frie tanken, hjartelag og medkjensle med dei veike. Ein slik kamp treng vi også i det nye hundreåret, sa Jens Kåre Engeset til Sunnmørsposten etter at boka kom ut.

Tilbake i Syltedalen i Vanylven der lyrikar og forfattar Hilde Myklebust driv gardsbruk ved sida av skrivinga. Ho erfarer at ein som bonde kjem særleg nær årstidene, naturen og kanskje også tida sjølv.

– Dermed fell det meg ofte lett å sitere frå Fagert er landet, og då særleg med denne lina: ”Tidi ho renn som elv mot os”. Det er eit så vakkert bilete på den straumen av tid vi alle flyt av garde med. Vårløysing eller islagt vinterelv, vi er undervegs, seier Hilde Myklebust.

Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud;
soleis di åsyn lyser, Gud,
over vårt Noreg i nåde.
(Kjelde:Norsk Salmebok)