Hopp til innhold

Mann funnen etter snøskred i Rauma: – Blei redda av makkeren

Politiet meiner mannen som blei tatt av eit snøskred blei redda av turkameraten sin. Skiløparen blei fanga under snømassene.

Skred i Isfjorden

Hjelpemannskap rykte ut då ein person blei tatt av skred i Rauma søndag.

Foto: Kjell Peder Gyldenskog

Like før klokka 17 melder politiet at mannen no er i tryggleik og at han får helsehjelp.

Politiet skriv på Twitter at han var godt graven ned av snømassene og blei redda av makkaren sin.

Den andre kom uskadd frå hendinga og varsla sjølv politiet.

Alder og nasjonalitet er førebels ikkje stadfesta.

Gjekk for eigen maskin

Politiet melde like før klokka 16.30 at personen klarte å gå for eigen maskin og at dei hadde sendt hjelpemannskap innover fjellet for å kome turfølgjet i møte.

– Personen er no lokalisert og delvis graven ut av snøen av turfølge. Det er ukjent skadegrad. Det blir jobba med å få redningsmannskap inn i område, opplyste politiet.

To personar var på skitur i området søndag då det brått gjekk gale.

Sindre Molnes

Operasjonsleiar Sindre Molnes seier ein person er tatt av skred og at store styrkar no er i gang med å starte leitearbeid.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Omfattande søk

Snøskredet som gjekk førte til at politiet kalla ut store styrkar søndag.

Mannskap frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp stilte i tillegg til redningshundar og ein lavinehund frå politiet. Det har også vore helikopter på plass.

– Vi har mykje ressursar som er på veg mot staden, nokre er nettopp komne fram, sa operasjonsleiar Sindre Molnes i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK i 15.00-tida.

Snøskred

Politiet veit førebels ikkje tilstanden til personen som er funnen etter å ha blitt tatt av snøskred.

Foto: Kjell Peder Gyldenskog

Lågt skydekke

Det er lågt skydekke i Isfjorden i Rauma og fire plussgrader. Politiet melder at det er vanskeleg å vite kor stort skredet er, fordi skodde gjer at dei ikkje ser opp i fjellheimen.

Ifølge snøskredvarslinga er det moderat snøskredfare i Romsdal i dag.

Snøskredet skal ha gått klokka 14.48 søndag ettermiddag ved botnen av fjellet Snortungen.

Snortungen er 1198 meter over havet og ligg nord for Isfjorden sentrum.

Skodde i Rauma søndag

Det er skodde og regn i Rauma søndag.

Foto: Kjell Peder Gyldenskog