Det var 13 personar i eit turfølge på fjellet Skårasalen i Ørsta då to av dei blei tatt av snøskred.
– Det blei sett i gang kameratredning og det er gjort greie for dei sakna, seier operasjonsleiar Jens Dahl ved Møre og Romsdal politidistrikt.
Ingen av personane skal vere skadde.
Fjellet Skårasalen i bakgrunnen. Leitemannskap frå politi og Røde Kors rykka ut til området då to personar blei tatt av ras.
Foto: Knut HustadElevar frå folkehøgskule
Turfølget gjekk ned att frå fjellet sjølv og blei møtt av politiet på Kvistadsætra.
– Vi skal få litt meir klarheit i kva som skjedde. Vi har berre snakka med dei på telefon, seier Dahl.
Dahl seier at turfølget er elevar frå Sogndal folkehøgskule.
Raset var om lag 15 meter breitt og ca. 200 meter langt.
Debrifing på skulen
Rektor ved skulen, Ole Karsten Birkeland, er letta over at det gjekk bra.
– Eg er frykteleg glad for at alle er i live og ingen blei skadde, seier Birkeland. Elevane kjem tilbake til skulen måndag kveld. Då skal dei snakke om det som har skjedd.
Leitemannskap frå politi og Røde Kors rykka ut til Skårasalen ved Sæbø i Ørsta.
Foto: Knut Hustad– Lett å løyse ut skred
Heidi Bakke Stranden, vaktleiar i snøskredvarslinga, seier det er moderat og betydeleg snøskredfare mange stader i landet.
– På Nordvestlandet må folk vere varsame der det ligg ferske flak av vindtransportert snø i høgda. Det er lett å løyse ut skred.
Bakke Stranden fortel at snøskredfaren vil auke tysdag, fordi det blir meir snø og vind.
– Vi rår folk som skal på tur i fjellet om å lese snøskredvarsla på Varsom, for å forstå skredproblema og kva i snøen som er farleg. På denne måten kan ein legge opp ein trygg tur.
I ein tidlegare versjon av saka skreiv vi at tre personar var tatt av skredet. Det viser seg å vere feilinformasjon frå politiet.