Hopp til innhold

Snart 17 kroner literen for bensin

Bensinprisen når stadig nye høgder og kan kome opp i 17 kroner literen om nokre månader.

Video Bensinpris over 17 kroner om kort tid

Bensinpris på 15-tale

Det kan bli dyrt å legge ut på bilferie i sommer. For no spår oljeanalytikar i Nordea markets, Thina Saltvedt, at bensinprisane kan stige opp til 17 kr per liter. Det kan bli overraskande dyrt for bilistane.

Susanne Must

- Kort bilferie viss prisen oppe i 17 kroner, seier Susanne Must

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

- Det blir ein kort bilferie i så fall, seier Susanne Must som er på stasjonen for å fylle opp tanken.

Mange meiner at bensinprisane er høge nok, og det blir ekspeditørane på bensinstasjonane grilla for, seier dagleg leiar på Statoil Bolsønes, Petter Dalseng.

Petter Dalseng

Petter Dalsen på Statoil seier det er fleire av kundande som trur at det er kvar stasjon som fastset prisane

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

- Det er mange som kommenterer prisane, og så er det nokre som har misforstått og trur at det er vi som fastset prisane. Nokre av desse har det med å vere litt småfrekke slik at det blir ubehageleg for ekspeditørane, seier Dalseng.

Dyr bensin på bygda

Aksjonerer mot bensinprisen

Helene Gjerde er også innom for å fylle drivstoff. Ho køyrer scooter og meiner det kan vere løysinga på problemet.

- Eg fyller svært lite, kansje ein gong i månaden eller mindre. Det er veldig billig så eg brukar ikkje mykje pengar på å fylle på tanken.

Helene Gjerde

Helene Gjerde har funne løysinga på problemet ved å køyre scooter.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK