Hopp til innhold

Smykker ikkje funnet

Politiet har få spor å gå etter i etterforskinga av innbrotet i ei gullsmedforretning i Fræna natt til 23. juli.

Det seier politiførstebetjent på Fræna lensmannskontor Olav Vestad.

Det blei tidlegare funnet nokre smykke som politiet hadde mistanke om stamma frå tjuveriet, men det er no klart at desse smykka ikkje har tilknyting til innbrotet i Fræna.

Les: Smykker funnet

Les: Innbrudd hos gullsmed

Det finnes video av innbrotet tatt med overvakingskamera. Dette opptaket er sentralt i den vidare etterforskinga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL