Hopp til innhold

Slutt for ølmonopolet

Tysdag var siste sjans til å handle på det kommunale ølutsalet på Hareid.
Kommunen er også den siste i Møre og Romsdal med monopol på ølsal.

Video Nest-siste ølomonopol i landet stengt

No skal alt sammen vekk frå hyllene i Hareid.

Christina Dybhavn

Ei trist dag for Christina Dybhavn

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Det er ein trist dag. Kundar frå heile regionen har vore her og dei synes det er leit å miste alle sortane sine, seier dagleg leiar Christina Dybhavn.

Og Jonny Muren som er innom for å handle er samd.

Jonny Muren

Jonnu Muren trur det blir vanskeleg å finne det same utvalet i daglegvarebutikkane

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Det utvalet som er her kjem ikkje til å finnast i daglegvareforretningane. Kanskje eg må så langt som til Singapore for å få meg ei Tiger-øl heretter, smiler han.

Frå monopol til daglegvare

I løpet av dei siste 10 åra har det blitt lagt ned over 100 kommunale ølutsal i Noreg - og salet er flytta over til daglegvarebutikkane.

Vigdis Baade
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Dette er kjempeflott, for no kan vi tilby kundane det same som nabokommunane kan gjere, seier butikksjef Vigdis Baade på Eurospar Hareid.