Hopp til innhold

Slik treffer «Ingunn» Møre og Romsdal

Ekstremvêret «Ingunn» vil treffe Møre og Romsdal onsdag. Fleire skular blir halde stengde, også alle dei vidaregåande skulane.

Kristian Gislefoss fortel om korleis ekstremvêret "Ingunn" kan bli i Møre og Romsdal.

Statsmeteorolog Kristian Gislefoss melder ekstremvêret "Ingunn" for Møre og Romsdal.

OPPDATERING ONSDAG: Farevarselet er justert. – Vi nedgraderer farevarselet på kysten av Nordfjord og Møre og Romsdal til oransje, og så nedgraderer vi det oransje farevarselet i midtre og indre strøk av Møre og Romsdal og Nordfjord til gult nivå, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid til NRK.

Les også Ekstremværet «Ingunn» treffer Lofoten i kveld - venter over 20 meter høye bølger

Bølgekart som viser at maks bølgehøyde i Vestfjorden klokken 01 natt til torsdag vil være 21,5 meter.

Ekstremvêret Ingunn treffer oss onsdag. Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid seier at vinden vil ligge på sørvest orkan i middelvind, og vindkast på 40–50 meter i sekundet. I indre strøk er det venta lokale vindkast på 30–35 meter i sekundet.

Det vil treffe nordlege delar av Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland.

– Det er eit lite område rundt Stad, Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland som får den verste vinden, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Meteorologen seier at det ved orkan er fare for liv og verdiar. Dersom det er mogleg så bør ein gjere tiltak som hindrar vinden i å gjere skade.

Statsmeteorolog Leonidas Tsopouridis trur det er seint onsdag kveld, natt til torsdag at Møre og Romsdal vil få det kraftigaste vêret.

– Det kjem ikkje til å blåse berre på kysten. Det er i alle områda. Det kan komme vindkast opptil 50 meter i sekundet også i fjellområda, seier Tsopouridis.

Han minner alle på å følge råda frå beredskapsmyndigheitene.

– Ein bør også vurdere om ein må ut på vegane for å køyre. Eg anbefaler ikkje å gjere det, seier Tsopouridis.

Ekstremværet Ingunn

Dei ytre delane av Møre og Romsdal ligg i det raude farevarselet for ekstremvêret Ingunn.

Foto: YR

Stengde skular

Alle dei vidaregåande skulane i Møre og Romdal blir halde stengd onsdag, og elevane skal ikkje møte. Det seier kompetanse- og næringsdirektør i fylket, Erik Brekken, til Rbnett.no.

Det er særleg usikkerheit knytt til heimreisa som ligg til grunn, med bruer og ferjer som kan bli råka.

– Vi har vel ikkje opplevd som eg kan hugse at vi har hatt raudt farevarsel frå Meteorologisk institutt, så dette er veldig spesielt, seier Brekken.

Fylkesutdanningssjef Erik Brekken i Møre og Romsdal.

Erik Brekken.

Foto: Trond Vestre

Fleire skular blir også stengde, blant anna i Molde og Ålesund.

– Vi tar ei føre var-avgjerd i staden for å ta unødvendige sjansar. Det kan vere fare for liv og helse, seier ordførar i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand.

Dei opnar likevel for at elevar kan få opphald på skular og SFO. Dei må sørgje for at barna får forsvarleg transport til og frå skulen, fordi fylkeskommunen har sagt at ein kanskje ikkje kan rekne med skuleskyss frå onsdag.

Vi har folk som har samfunnskritiske jobbar, og for at dei skal kome seg på jobb med små ungar så er det viktig at dei har ein trygg plass å vere, seier Lykkebø Strand.

Ålesund og Molde avlyser også kommunalt drivne fritidsaktivitetar, og bibliotek kan bli stengde på kort varsel.

Held skulane opne i nord

I Kristiansund har beredskapsleiinga avgjort at dei held barnehagar og skular opne som vanleg onsdag, og at skoleskyss går som normalt. Vinden tar seg opp litt seinare i nord enn i sør.

Også blant anna Hustadvika, Aukra, Smøla og Molde har meldt at dei held skulane opne.

Fylkesberedskapssjef Siri Sætre seier dette er opp til kvar enkelt kommune å bestemme. Kristiansund vil gjere ei ny vurdering kl. 17.00 på onsdag for kva dei gjer torsdagen.

Sætre har hatt møte med alle kommunane og medlemmene i fylkesberedskapsrådet slik at alle er klare over ekstremvarselet frå Meteorologisk institutt.

Les også Ekstremvêret «Ingunn»: Stenger alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal

– No har vi fått vite litt meir om vêret. Det blir nok ganske ruskete. vi får opp i orkan langs kysten, og det er heile fylket som blir råka. Slik vi skjønner det treffer det verst på kysten, men vil likevel blåse friskt over heile fylket, seier Sætre.

Stine Sætre, Fylkesberedskapssjef

Stine Sætre er fylkesberedskapssjef i Møre og Romsdal.

Foto: Roar Strøm / NRK

Fylkesberedskapssjefen er opptatt av at alle aktørane, alt frå kommunar til nødetatar og andre som har beredskapsansvar i fylket, skal ha ei felles forståing for kva utfordringar vêret kan føre med seg.

– Når vi får eit slikt ekstremvêr med sterk vind så veit vi jo at det kan skape utfordringar både i forhold til kraftforsyning og kommunikasjonar på veg og ferje. Så det er å førebu seg på at vi får utfordringar i kommunikasjonane våre i dagane som kjem, seier Sætre.

Samanliknar med nyttårsorkanen

Unni Nilssen ved Meteorologisk institutt seier til NTB at vêret som er på veg kan minne om nyttårsorkanen som ramma Noreg i 1992. Den ramma same del av Noreg med same type ekstreme vindkast.

Unni Nilssen

Unni Nilssen ved Meteorologisk institutt samanliknar vindkasta som kjem med nyttårsorkanen som ramma Noreg i 1992.

Foto: Kamilla Pedersen / MET

– Så vidt eg kan sjå ser det ut til å bli same vindretning som i 1992, så da kan ein trekke litt parallellar til det. Men det er jo vanskeleg å seie om det blir rett så ille som det var den gong, seier Nilssen.

– Fest lause gjenstandar

Sindre Kongshaug, operatør ved 110-sentralen i Møre og Romsdal, minner om at folk må sikre lause gjenstandar før ekstremvêret kjem.

– I tillegg er det lurt å sjekke at båten er godt fortøy. Elles bør ein halde seg innandørs, seier han.