Hopp til innhold

Ekstremvêret «Ingunn»: Stenger alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal

Meteorologisk institutt sender ut raudt farevarsel om ekstremt kraftige vindkast for delar av Vestlandet og nord til Nordland. Onsdag blir fleire skular halde stengde.

Onsdag skal ingen elevar møte på vidaregåande skule i Møre og Romdal, seier kompetanse- og næringsdirektør i fylket, Erik Brekken, til Rbnett.no.

Årsaka er ekstremvêret «Ingunn» som vil gjere seg gjeldande frå onsdag ettermiddag til torsdag morgon.

Det sendt ut raud farevarsel for ekstremt kraftige vindkast for delar av Vestlandet og nord til Nordland. Raudt farevarsel er det høgste farevarselet.

Ekstremværet Ingunn vil treffe store delar av kysten.

Ekstremvêret har fått namnet «Ingunn» og er venta frå klokka 12.00 i morgon.

Foto: Meteorologisk institutt

– Vi ønsker ikkje å utsetje våre elevar og tilsette for den eksponeringa det kan bli, spesielt når dei skal heim att då vêret skal bli på det verste, seier Erik Brekken.

Ifølge han er det første gang dei stenger dei vidaregåande skulane på grunn av farevarsel for vind.

Vi har vel ikkje opplevd som eg kan hugse at vi har hatt raudt farevarsel frå Meteorologisk institutt, så dette er veldig spesielt.

Det blir lagt opp til nettundervising for elevana.

Erik Brekken

Alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal er stengde onsdag.

Foto: Roar Strøm

Vindkast på 40–50 meter i sekundet

Ekstremvêret vil treffe nordlege delar av Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland.

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid seier at vinden vil ligge på sørvest orkan i middelvind, og vindkast på 40–50 meter i sekundet. I indre strok er det venta lokalt vindkast på 30–35 meter i sekundet.

– No kjem altså «Ingunn», og det er eit område rundt Stad, Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland som får den verste vinden, seier Fagerlid.

– Det er viktig å ta forholdsreglar. Når det er orkan, bør ein ikkje vere utandørs, seier meteorologen.

Også områda som kjem utanfor dei verste vindkasta til ekstremvêret, får merke vinden godt.

I tillegg er det venta kraftige vindkast på gult farenivå for deler av Austlandet og Vestlandet onsdag og torsdag, melder Yr.

Stenger barnehagar og skular

Fleire barnehagar og barne- og ungdomsskular i både Vestland og Møre og Romsdal held stengt onsdag.

I Møre og Romsdal opnar mange av dei stengde skulane likevel for at barn kan komme på skulen.

Ein av desse stadene er Ålesund.

– Vi har folk som har samfunnskritiske jobbar, og for at dei skal kome seg på jobb med små ungar så er det viktig at dei har ein trygg plass å vere, seier ordførar Håkon Lykkebø Strand i Ålesund.

Kan føre til utfordringar i trafikken

Vegtrafikksentralen seier sjåførane bør ta ei vurdering om dei må ut å køyre.

– Om ein reiser, må ein passe på å ha nok drivstoff, straum, kle og mat i tilfelle ein får problem, seier trafikkoperatør Ken Ove Holm.

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen opplyser bruer og vegstrekningar truleg blir stengde onsdag, spesielt i ytre delar av Møre og Romsdal.

Vegar kan bli stengde på grunn av tre eller andre hindringar i vegbanen. Tønnesen ber alle følgje råda som kjem og ta varsla som kjem på alvor.

Det er òg venta krevjande forhold i indre strøk natt til torsdag, når vinden skal snu. Då skal det og komme nedbør, mest truleg som sludd og snø i indre strøk.

Også mykje vind på Austlandet

Også på Austlandet skal det blåse godt onsdag og torsdag.

Onsdag ettermiddag og kveld er det venta ein sørvestleg frisk bris til liten kuling på utsette stader, ifølge meteorologen.

Det er ikkje så ofte vi har det i indre strok, seier Wiberg.

På kysten av Austlandet og Sørlandet kan det blåse opp til storm.

Frå fredag vil vinden minke og temperaturane stige.

Det er venta mildare luft og tosifra plussgrader i store delar av Sør-Noreg.

– Varmlufta kjem inn over heile landsdelen, med ein ekstra føn effekt på austsida av fjella, seier Wiberg.

Dei høgste temperaturane er venta austafjells.

Les også Fjøset ble til pinneved: – Vi kan ikke være på godfot jeg og vår herre

Knust fjøs