Hopp til innhold

Slik ser det ut etter eksplosjonen i Ålesund

Brannstaden i Breivika har kolna, og krimteknikarane har begynt å saumfare åstaden etter spor.

Dagen etter eksplosjonen ved bruktbilforretningen Møre Bruktbildeler i Ålesund

Det var eit trist syn som møtte dagleg leiar Gottfried Giske dagen etter eksplosjonen ved bilmottaket i Breivika i Ålesund.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Gottfried Giske og sonen Andreas dagen etter eksplosjonen i Breivika i Ålesund

Gottfried Giske og sonen Andreas møtte krimteknikarane eit døgn etter eksplosjonen.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Den spisse brannlukta heng framleis tungt over Møre Bruktbildeler 24 timar etter eksplosjonen.

For det er enno ikkje sikkert kva som gjorde at det eksploderte bak bilmottaket i Breivika. Folk i omtrent 500 meters omkrins skal ha høyrt smellet då det eksploderte inni ein container. Gottfried Giske og sonen Andreas sat inne på kontoret, og kjende den kraftige eksplosjonen på kroppen.

– Vi skvatt veldig då det small, og vi gjekk med det same ut for å sjå kva som hadde skjedd. Då velta det ut mykje røykt og flammar. Utanom det er dagen ganske svart, fortel Giske.

Ingen vart skadde etter eksplosjonen.

Aldri opplevd liknande

Dagen etter eksplosjonen ved bruktbilforretningen Møre Bruktbildeler i Ålesund

Kolsvarte papirbitar ligg spreidd over heile anleggsområdet ved bilmottaket i Breivika.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Han er dagleg leiar ved bedrifta, og har ikkje opplevd eit slikt uhell på dei 30 åra dei har drive bilmottaket.

– Det så trist at eg ikkje får sove om natta, fortel den fortvilte drivaren.

Brannen som oppstod etter eksplosjonen spreidde seg over til eit titals bilvrak som stod like ved. Heldigvis var alt miljøfarleg avfall fjerna frå vraka før flammane tok tak i dei.

– Bilvraka som tok fyr var ferdig miljøsanerte. Det vil seie at alt miljøfarleg avfall som brannfarlege væsker og bildekk var vekke, seier Giske.

Effektivt brannmannskap

Det gjorde det enklare for brannmannskapet å sløkke brannen. Flammane fekk ikkje skikkeleg tak, og allereie før klokka 19 torsdag kveld melde politiet at brannen var sløkt.

Kurt Kim Stige

Kurt Kim Stige var ein av teknikarane som sette i gang arbeidet på åstaden torsdag.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Eg såg ikkje så mykje på klokka, men eg fekk ei kjensle av at sløkkinga gjekk fort. Brannmannskapet jobba effektivt men roleg, fortel Giske.

Giske er ikkje sikker på kor store verdiar som har gått tapt i brannen, men dei har hatt takstfolk på besøk for å kartlegge tapet.

Kurt Kim Stige i politiet var ein av teknikarane som starta å undersøke brannstaden torsdag.

– No håper vi å finne ut meir om årssaka til eksplosjonen, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL