Manglar i rutinane
Ein av fire bønder her i landet er framleis utan silovifte, trass faren for giftige gassar, skriv avisa Nationen.
Tor Høstmark i Landbrukstenester Nordmøre og Romsdal stadfestar at det er manglar i tryggleiksrutinane.
Silovifte er ei enkel, men livreddande innretning.
- Eg har inntrykk av at det framleis er manglar, at fleire skulle ha hatt silovifter, men eg får også mange tilbakemeldingar om at mange bønder tek dette på alvor, seier Høstmark.
Tragiske ulukker
Tor Høstmark informerer bønder i distriket om kva som kan gjerast for å auke tryggleiken i landbruket. Etter den tragiske ulukka i fjor då tre eldre sysken i Jølster døydde medan dei la silo vart det sett spesiell fokus på farene med silogass.
Svært farleg
- Får du fire prosent karbondioksyd i siloen blir du svimmel, blir det opp mot sju prosent blir du kvalt, seier Høstmark. - Med rundt 20 prosent slik gass, døyr du med ein innpust, fortel han.
Den beste måten å unngå silogassforgiftning er bruk av silovifte. Men trass i at den berre kostar kring 3000 kroner er det framleis mange bønder som ikkje har skaffa seg ei slik vifte.
Kontrollar
Arbeidstilsynet sine kontrollar i Hordaland og Sogn og Fjordane viste at ein av fire framleis er utan silovifte. I Møre og Romsdal vert tilsvarande kontrollar utført først til hausten. Tor Høstmark trur dei vil finne ein del å sette fingeren på.
- Eg trur kontrollørane vil finne manglar, det er rett og slett ikkje vifter i alle siloar, seier Høstmark. - Det kjem nok til å kome pålegg frå arbeidstilsynet, trur han. Høstmark gler seg likevel over at stadig fleire har sett behovet for å installere vifte på siloane sine.