Hopp til innhold

Skulefrukt kom brått på

Dei heldigaste ungdomsskuleelevane i Møre og Romsdal fekk gratis frukt første skuledag, men ved svært mange skular i fylket har tilbodet om skulefrukt enno ikkje starta opp.

frukt på skolane
Foto: Malin Kjeldstadli / NRK

 

Regjeringa bestemte i vår at elevar på ungdomsskular og skular med elevar frå 1.-10. klasse skal få gratis frukt. Den enkelte skule står sjølv fri til å velje leverandør. I Møre og Romsdal er 80 skular omfatta av ordninga.

Spjelkavik ungdomsskole er ein av skulane som ikkje har starta opp.

Rektor ved skulen, Arne Sunde, seier at hos dei vart det rett å slett for vanskeleg å organisere frukttilbodet på så kort tid.

eple
Foto: Malin Kjeldstadli / NRK

- Vi vil ha tilbodet på plass ni dagar etter skulestart, og det synes vi er ganske bra jobba, seier Sunde. Skulen har måtte kjøpt inn kjøleskap og dessutan organisere rutiner for å dele ut frukt til 487 elevar.

Geir Ole Sætremyr er dagleg leiar for ØkoDirekt, som leverer økologisk frukt til skulane. Han trur ordninga kom bardust på enkelte kommunar og skular.

- Det er ein del tilpassingar som må til, sidan dette er nytt for mange, seier Sætremyr. Mange skular i fylket har hatt tilbod om frukt tidlegare, der elevane sjølve har betalt for tilbodet.

På biletet: Marcus Volle og Charlotte Dyb Sandnes, som er elevar ved Godøy skule