Hopp til innhold

Skuledag med kongen

Da kong Harald kom til Vatne i Haram måndag, var det første gong på over 300 år at bygda fekk besøk av ein konge.

 

Kong Harald på Vatne 7/5-07
Foto: KJELL HERSKEDAL / SCANPIX

Det kunne ein stolt ordførar takke elevane ved Vatne barneskule for. "Dokke fekk kongen hit, det er meir enn ordføraren har klart," sa Oddbjørn Vatne i talen sin då kongen, følgjet hans og alle elevane var samla i gymsalen.

 

Vatne barneskule ventar på kongen
Foto: Odd Sørås / NRK

Steg for steg

I nyttårstalen sin snakka kong Harald om å leve i fellesskap, og nemnde spesielt undervisningsopplegget "Steg for steg" i barnehagar og grunnskular. Eitt av måla er å lære barn korleis dei skal oppføre seg overfor andre barn. Kongen sa han var imponert over det arbeidet skulane gjer med å skape gode haldningar.

Dermed kom fjerde klasse ved Vatne barneskule på å invitere kongen for å sjå korleis dei driv undervisning med "Steg for steg". Kontaktlærar Lars Johan Stokken fortalde at dette så langt som råd skulle vere ein vanleg skuledag med ordinær undervisning som kongen skulle vere med på - i den grad det er råd når kongen er på besøk! Derfor var verken lærarane eller elevane stivpynta. Men alle fjerdeklassingane hadde eit gult merke på bringa der det stod kva dei likar å snakke om - anten det var fotball eller hestar og hundar!

 

Kongen i klasserommet
Foto: Odd Sørås / NRK

 

Med kongen i klasserommet
Foto: Odd Sørås / NRK

Kongen i klasserommet

Kong Harald fekk vere med på ein "Steg for steg-time", og elevane leika nokre av leikane som er knytte til undervisningsopplegget. Seinare, på samlinga i gymsalen, fekk kongen sjå dramatiserte eksempel frå eit undervisningsopplegg som sjette årssteget har: "LP" - læringsmiljø og pedagogisk analyse". Og alle elevane song "Skal vi være venner" av Bjarte Leithaug og "Stopp, ikkje mobb" av Frode Skålvik.

 

Med kongen til bords
Foto: Odd Sørås

Kongeleg måltid

Kongen vart beden til  lunsj saman med fjerdeklassingane, og maten skulle også vere slik vanleg nistemat skal vere. Brødskiver med godt og sunt pålegg, og frukt. Alt delikat tillaga og servert av elevane ved  Ørskog vidaregåande skule!

 

Diktet "Jenter er jenter"
Foto: Odd Sørås / NRK

 

Kongeleg farvel i silregn
Foto: Odd Sørås / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL