Hopp til innhold

Skuldar fylkesordføraren for hestehandel

Høgre-politikar Anders Riise skuldar fylkesordførar Jon Aasen for å ha inngått ein hestehandel med Nordmørslista om at det framtidige hovudsetet for politiet skal vere i Kristiansund.

Anders Riise

Anders Riise kritiserer avtalen som blei gjort valnatta.

Foto: Terje Reite / NRK

Nordmørslista er ein del av fleirtalet som er blitt samde om å jobbe for fleire statlege arbeidsplassar i Kristiansund.

– Det kan sjå ut som om Nordmørslista valkvelden for vel ein månad sidan fekk klare lovnader om, så godt som utan atterhald, at alle statlege arbeidsplassar skal bli lagt til Kristiansund. Det meiner vi er feil, seier Riise.

– Her er det sterke samfunnsmessige interesser som går på tryggleik og beredskap, seier Høgre-representanten.

Han vedgår at det kan vere rett å inngå hestehandlar, men ikkje når det går på samfunnskritiske oppgåver.

Avtale og vedtak

Partia som danna fleirtal etter valet, har forplikta seg til å jobbe for fleire statlege arbeidsplassar i Kristiansund. Men fylkesordførar Jon Aasen avviser at han med det har seld seg til Nordmørslista.

Jon Aasen

Jon Aasen meiner han held seg til vedtak i eige parti.

Foto: Gunnar Sandvik / nrk

Med bakgrunn i manglande offentlege arbeidsplassar i Kristiansunds-regionen, har Arbeidarpartiet eit klart styre- og årsmøtevedtak på å gå for Kristiansund. Det skulle ta seg ut om fylkesordføraren gjekk i mot vedtak i eige parti, svarar Aasen.

Han synest ikkje det er spesielt oppsiktsvekkande at han går for Kristiansund, og viser til at han meinte det same sist spørsmålet var oppe. Og bakgrunnen er at både Ålesund og Molde har fleire statlege arbeidsplassar enn Kristiansund.

– Ingen verdi

Spørsmålet om kvar politimeisteren skal ha sete i framtida splittar dei politiske partia i Møre og Romsdal. Når fylkesutvalet skal behandle saka er det trulege resultatet 7–6 i favør Kristiansund. Men eit høyringssvar frå eit fylkesutval som er delt på midten, er ikkje verdt noko, trur Riise.

– Verken politidirektorat eller justisdepartement vil legge vekt på eit slikt vedtak, med ein politisk avtale som bakgrunn. Det har ingen verdi.