Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen varsla i dag at ho vil utsetje byggestart i Molde til 2018. Frå før har byggestart vore sett til 2012/2013. Helseministeren fredar også føde- og akuttfunksjonane ved sjukehuset i Kristiansund. Ho vil også starte ein prosess for å vurdere om heile Møre og Romsdal kan bli eitt helseforetak.
Helge Aarseth er styreformann i Helse Nordmøre og Romsdal.
Foto: NRK– Dette var skuffande. Vi har vore lovt av forgjengarane hennar at det skal vere byggestart i 2012. No er det utsett på ubestemt tid og det er eit stort spørsmål no om det vert noko nytt sjukehus i Molde i det heile teke, seier Helge Aarseth.
– Uroa held fram
Det har vore stor uro blant dei tilsette i heile helseforetaket. Alt etter kor langt prosessen har kome, har det vore uro både i Molde og i Kristiansund. Den siste tida, der det har gått mot reduksjonar i Kristiansund, har uroa vore størst på Nordmøre.
– Uroa blir ikkje vekke på grunn av dette. No er vi berre sende ut på ei ny, lang ørkenvandring, seier Aarseth.
Her forklarer helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen hvorfor hun utsetter byggingen av sykehuset i Molde.
– Dårleg samfunnsøkonomi
I brevet frå helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen heiter det at det gamle sjukehuset i Molde skal pussast opp for å fungere som sjukehus i ventetida. Dette likar Aarseth dårleg.
– Utgreiinga vi har laga er svært tydeleg på dette punktet: Det er svært dårleg samfunnsøkonomi å bruke store summar på å ruste opp gamle Molde sjukehus. Det er snakk om hundretals millionar kroner. Det vil vere tidkrevjande og uhensiktsmessig på alle måtar, seier Aarseth. Dette var den desidert dårlegaste løysinga, seier han.