NRK Meny
Normal

Ber om ro i sjukehusstriden

Fylkesordførar Olav Bratland frå Høgre manar til ro kring sjukehussaka i Nordmøre og Romsdal.

Olav Bratland

Olav Bratland manar til ro i sjukehusstriden på Nordmøre og i Romsdal.

Foto: Aina Rødal / NRK

Onsdag vedtok styret i Helse Midt at det skal vere to sjukehus i Nordmøre og Romsdal – eitt i Kristiansund og eitt nytt i Molde. Men styret vil ikkje avgjere om akutt- og fødetilboda bør flyttast frå Kristiansund til Molde før det er gjort ein grundig konsekvensanalyse.

Striden om oppgåvefordelinga mellom sjukehusa bør begravast, meiner Bratland, og seier helseministeren bør lytte til fylkestinget i Møre og Romsdal som har gått inn for å behalde fire fullverdige sjukehus i fylket.

–Den uroa som no er skapt er svært skadeleg for fylket vårt, og då ber eg helseministeren sørge for at vi kan ha fire fullverdige sjukehus med akutt- og fødeavdelingar, seier Olav Bratland.

Han krev også at helseministeren sørgjer for at det kjem pengar slik at nye Molde sjukehus kan byggast snarast og seinast i 2013.