Til Oslo for å demonstrere

Kristiansund satsar på å vise godt igjen i den felles nasjonale demonstrasjonen for lokalsjukehusa.

Ventar på flyet i Kristiansund.

Mange var klare til å reise til Oslo frå Kristiansund for å demonstrere måndag morgon.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I dag tidleg var det mange med grøne "demonstrasjons-skjorter" i avgangshallen i Kristiansund.

Næringslivet sponsar flybillett

Lokalsjukehus mange stader i landet er trua av nedlegging eller tap av viktige akuttfunksjonar og fødetilbod.

I dag samlar dei seg i Oslo for ein felles demonstrasjon.

Kristiansundarane har vist sterkt engasjement for å bevare alle funksjonane ved sitt sjukehus.

Video Mange reiser til sjukehusdemonstrasjon

Mange reiste for å delta i sjukehusdemonstrasjonen i dag.

Mange har reist

Mange frå Kristiansund har reist til Oslo for å demonstrere i dag. 40 personar fekk sponsa flybilletten av næringslivet.

– Det er fordi vi vil vere med og vise kor viktig ei slik sak er for dei som bur i regionen. Det er også viktig for næringslivet. Derfor vil vi vere med på å gjere denne turen muleg, seier Ellen Engdahl i næringslivsorganisasjonen Kom Vekst.

Molde og Volda blir heime

Molde og Volda - som også står i fare for å miste funksjonar - sender ikkje nokon organisert til demonstrasjonen.

Men Folkeaksjonen for Volda sjukehus gir likevel full støtte til demontstrasjonen i Oslo, seier Per Johan Ramsli.

– Vi har ikkje prioritert å reise, men vi skal få opp ein plakat som seier "Volda-aksjonen støttar demonstrasjonen".

- Føler de at sjukehuset i Volda er redda?

– Ja, vi føler eigentleg det. Men - det er viktig å få med - det er ingen sjukehuskannibalisme vi er med på.