Ein av båtane som går i turistfart til Runde, er M/K "Lanternen". På ein av turane i helga byrja passasjerar om bord å skrike og klappe i hendene for å skremme fuglane opp frå reira.
M/K "Lanternen" og dei skremde fuglane. Foto: Eivind Furset
Ulovleg
NRK Møre og Romsdal har snakka med fleire som var vitne til episoden og som seier dei er opprørde over denne framferda. - Men å skremme fuglane er også i strid med vernereglane for Runde og dermed ulovleg, seier ornitolog Alv Ottar Folkestad. Det skjer av og til at det kjem melding om liknande hendingar ved Runde, og slikt blir rapportert vidare til oppsynsmannen for Runde og miljøvernavdelinga i fylket. Brot på vernereglane blir vanlegvis straffa med bøter.
Skadeleg
- I denne fasen av hekkinga kan slike episodar gjere stor skade, seier Alv Ottar Folkestad. Når fuglane blir skremde og lettar, kan dei rive med seg egga og spolere både hekkinga og klekkinga.
- På lengre sikt kjem fuglane kanskje over ei enkelthending, men dei er avhengige av å kjenne seg trygge på hekkestaden. Skulle det bli vanleg at besøkjande på Runde oppfører seg slik, gjer det garantert langvarig skade på fuglekolonien, seier Folkestad.
Naturoppleving
- Det er trist at somme enno har den gamle haldninga at det gjeld å få fuglane på vengene. Naturen opplever du best når du sjølv påverkar han minst mogleg. Fuglane er vant til at båtar går nær fuglefjellet, men ikkje at folk går i land eller bråkar.
Dei som driv turisttrafikk med båt ved Runde, har eit ansvar for å seie frå til sine passasjerar om korleis dei bør oppføre seg. Også lågflyging med fly eller helikopter har av og til vore eit problem, seier Alv Ottar Folkestad.