Hopp til innhold

Skredsikringsarbeidet er stansa

Statens vegvesen har stansa arbeidet med skredsikringa i Stavbrekka på riksveg 63 mellom Geiranger og Grotli. Arbeidet er for farleg.

Snøanker under montering
Foto: Statens vegvesen

Dei siste vekene har det gått tre steinsprang i sikringsområdet. Ingen menneske blei skadde, men noko av anleggsutstyret blei knust.

Synfaring

Geologar og representantar for entreprenøren var på synfaring i området tysdag denne veka. Konklusjonen var at det er svært utrygt å arbeide der fordi det ligg lause steinblokker ovanfor arbeidsstaden. Dessutan går vi no inn i ein periode der vi kan vente mykje nedbør som frys og tinar igjen, og det aukar faren for steinsprang.

Sikringsarbeidet blir ikkje teke opp att før det er trygt å sende anleggsfolk inn i området, og det vil tidlegast kunne skje i løpet av 2007. Alt utstyr som høyrer til anlegget skal no fraktast vekk.

Snøanker

Stavbrekkfonna kan vere opptil seks meter djup når ho lausnar. I fjor blei det montert 230 snøanker, som sikra 30-40 % av dei to områda der fonna lausnar, 1300 meter over havet. No i sommar gjekk det fleire snøskred som tok med seg mellom 30 og 40 snøanker. Ankera toler ei belastning på 40-50 tonn.

 

Snøanker
Foto: Statens vegvesen

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL