I går blei det kjent at Vegvesenet har stansa skredsikringsarbeidet i Stavbrekka av tryggleiksomsyn.
Tunnel
- Ein tunnel gjennom Stavbrekka har vore vurdert før, seier Frank Sve, og no er denne løysinga igjen svært aktuell. Stranda kommune har bedd om å få eit møte med Statens vegvesen i neste veke for å drøfte kva som kan gjerast for å få løyst problemet raskt. Her må det eit politisk spleiselag til, seier ordførar Sve.
Samarbeid Oppland - Møre og Romsdal
- Å få gjennomført eit tunnelprosjekt på svært kort varsel er kanskje ikkje realistisk, seier fylkesordførar Jon Aasen, men han er samd i at dette hastar. Han meiner at Oppland og Møre og Romsdal no må gjere ein framstøyt i fellesskap for å få til ei varig sikring av vegstrekninga forbi Stavbrekka.