Hopp til innhold

Skred tok kraftline

Eit snøskred har øydelagt ei kraftline i Sunndal. Dette har ført til at store delar av kommunen er straumlaus.

Måndag kveld er store delar av Sunndal utan straum.

– 80 prosent av sentrum er utan straum i kveld, seier ordførar Ståle Refsti til NRK.

Det blir no arbeida med å få til ei line frå Lesja, slik at kommunen igjen får nok elektrisitet.