Hopp til innhold

Skodjemann tiltalt for å stå bak prostitusjon i Ålesund

Ein skodjemann i 40-åra er tiltalt for å ha skaffa hotellrom og leilegheiter til fleire utanlandske prostituerte. Mannen blei pågripen etter tips frå naboar til ei av leilegheitene.

Norges lover

Politiet vil førebels ikkje seie kor mange kvinner som skal ha vore involvert i prostitusjon i Ålesund i 2011.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Det er statsadvokaten som no har tatt ut tiltale mot ein mann i 40-åra frå Skodje, som skal ha skaffe hotellrom og leilegheiter til fleire utanlandske prostituerte.

Det er vanskeleg å seie kor stort omfanget har vore, det er ein del av bevisføringa, så det vil eg ikkje seie noko om no, seier politiadvokat Gudrun Kalvatn ved Sunnmøre politidistrikt.

Ho vil heller ikkje seie kor mange kvinner som skal ha vore involverte i prostitusjonen, heller ikkje kor mange hotellrom og leilegheiter mannen skal ha disponert.

Sjeldan sak

"Gudrun Kalvatn"

Politiadvokat Gudrun Kalvatn seier politiet førebels ikkje kan kommentere kor store verdiar mannen skal ha tent på å skaffe leilegheiter og hotellrom til prostituerte.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det er lovleg å selje seksuelle tenester i Noreg, men ikkje å kjøpe, heller ikkje å tene pengar på andre sin prostitusjon.

Kalvatn kan ikkje minnest at Sunnmøre politidistrikt nokon gong før har tatt ut tiltale i ei prostitusjonssak, og ho seier det ikkje er aktuelt å tiltale fleire i denne saka.

– Eg veit ikkje om vi nokon gong har gjort det før, seier ho.

Kor enkelt vil det bli å føre bevis i ei slik sak?

Det kan bli utfordrande både fordi saka er gamal, og det kan bli vanskeleg å få tak i dei utanlandske kvinnene, seier ho.

Tips frå naboar

Ifølgje politiet var det truleg tips frå naboar til ei av leilegheitene som sette politiet på sporet av saka.

Ifølgje tiltalen kan det bli lagt ned påstand om inndraging av pengane som mannen eventuelt kan ha tent på å vere bakmann for prostitusjonen, men Kalvatn vil ikkje seie noko om kor store verdiar det kan vere snakk om.

– Det har eg ingen kommentar til, det er alt for tidleg å seie, og ein del av bevisføringa, seier ho.

Skjedde i 2011

Ifølgje tiltalen skjedde prostitusjonen våren og sommaren 2011, og først over fire år seinare er det no tatt ut tiltale. Kalvatn vedgår at det er lenge.

Anders Svinø

Anders Svinø, som representerer skodjemannen, seier han ikkje vedgår straffskuld, og at det er fleire år sidan han var i politiavhøyr.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

– Fire års saksbehandlingstid er ikkje akseptabelt, men politiet har hatt mykje å gjere i lang tid, seier ho, og legg til at dette sikkert vil påvirke ei eventuell straffeutmåling.

Vedgår ikkje straffskuld

Anders Svinø er advokat for mannen. Han vedgår ikkje straffskuld. Svinø meiner det er sterkt beklageleg at det har gått så lang tid.

– Det er sterkt beklageleg. Dette er forhold som skal ha skjedd i 2011. Det har gått mange år sidan mannen blei avhøyrt, seier Svinø.

Saka skal opp i Sunnmøre tingrett 21. oktober.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL