Hopp til innhold

Skjerpar tryggleiken før styremøte

Eit sikkerheitsselskap er innleid når styremedlemane i Helse Møre og Romsdal skal gjere vedtak om tomteplassering onsdag. Alle tilhøyrarar som skal inn kjem til å bli kontrollerte.

Quality Hotel Waterfront

Styremøtet i Helse Møre og Romsdal skal gå føre seg på dette hotellet.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Hans Olav Ose

Beredskapssjef i Helse Møre og Romsdal, Hans Olav Ose, seier at dei planlegg ut ifrå at det kjem mykje folk på møtet.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Onsdag skal styret i Helse Møre og Romsdal avgjere kvar dei meiner det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal bør ligge. Styremøtet skal haldast på Quality Hotel Waterfront i Ålesund og eit eige sikkerheitssselskap er hyra inn. I dag var det møte mellom helseføretaket, vektarselskapet, politiet og hotellet for å planlegge.

– Det har vore høg temperatur og stor interesse for denne saka, spesielt dei to siste vekene, og vi må då leige inn eit sikkerheitsselskap for å sikre oss at styret får gjort jobben sin og får avvikla det under rolege former, seier beredskapssjef Hans Olav Ose i Helse Møre og Romsdal.

Kva er det verste som kan skje?

– Vi planlegg for at det kan kome mykje folk, og eg vil ikkje spekulere vidare i noko worst case-scenario, seier han. Helseføretaket fryktar at det kan bli trafikale utfordringar dersom det kjem mykje folk.

Kontroll ved døra

Etter at sjukehusdirektør Astrid Eidsvik gjekk på dagen 4. desember har det vore full strid i sjukehussaka. Eidsvik meinte at Helse Midt-Noreg blanda seg inn i prosessen med tomteval, og at ho ikkje fekk sjansen til å sluttføre arbeidet. 10. desember vart styresaka lagt fram utan tilråding frå administrasjonen i Helse Møre og Romsdal. Onsdag er det dei ni personane i styret som skal røyste over tomtealternativa.

Hotellet har plass til 80 tilhøyrarar inne i sjølve styrerommet. I tillegg er det plass til 70 personar i eit anna rom, der dei kan sjå styremøtet via stream.

Før folk får kome inn må dei gjennom ein adgangskontroll. Blant anna er det ikkje lov å ta med plakatar inn, og beredskapssjefen seier det er på grunn av brannfaren.

Politiet er varsla

Ingar Bøen

Konstituert politimeister Ingar Bøen seier det er uvanleg at politiet blir kontakta før eit styremøte.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Også politiet har blitt kontakta av helseføretaket og dei seier det er heilt uvanleg før eit styremøte.

– Vi har ingen opplysingar i dag som tilseier at det vil oppstå ein situasjon som krev inngripen frå politiet. Inntil vidare gjer vi ikkje anna enn at vi veit om møtet, seier Ingar Bøen. Han er konstituert politimeister ved Sunnmøre politidistrikt.

Bøen seier at politiet ikkje har fått inn søknad om demonstrasjon.

– Det er ytringsfridom og alle har lov til å uttrykke meininga si, men dersom ein skal demonstrere, er ein pliktig til å søkje politiet om løyve, seier Bøen.

LES OGSÅ:

Vil bygge i Molde

Direktør i Helse Midt-Noreg, Daniel Haga, vil at det nye sjukehuset skal byggast på Oppdøl i Molde. Frontane i saka har vore steile og fleire krev at saka må utsetjast. I Kristiansund var fleire tusen samla til stordemonstrasjon søndag. Arrangørane meinte at prosessen er prega av maktmisbruk og lukka møter.

Torsdag 18. desember skal styret i Helse Midt gjere sitt vedtak og fredag går saka til helseminister Bent Høie.

Helse Møre og Romsdal leiger no inn eit vektarselskap for å sørge for tryggleiken under møtet i Ålesund onsdag. Styret i helseføretaket skal avgjere kvar det nye sjukehuset skal ligge, og arrangørane er opne for at alt kan skje.