Skal ha tetta politikamera med bæsj

Ein giskemann i 30-åra er tiltalt for å ha smurt sin eigen bæsj på overvakingskameraet då han sat i glattcelle hos politiet sommaren 2014.

Sunnmøre tingrett

Ein giskemann må svare for 12 punkt når han møter i Sunnmøre tingrett i oktober. To gongar skal han ha smurt tiss og bæsj utover politicella.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Ifølgje tiltalen gjekk giskemannen grundig til verks då han blei sett på glattcelle hos politiet sommaren 2014.

Han er tiltalt for å ha smurt bæsj på celledøra og inspeksjonsluka, og også dekt overvakingskameraet med det same stoffet.

I mai 2016 skal han ha igjen ha smurt bæsj og tiss utover cella då han på nytt blei sett i arresten.

Omfattande tiltale

Mannen må svare for 12 punkt når han møter i retten i oktober. Det mest alvorlege er skuldingane om at han i mai skalla og slo ein mann i ansiktet slik at deler av ein tann forsvann og at han fekk kutt i nasen, blått auge og kul i panna.

Mannen er også tiltalt for tjuveri, narkotikalovbrot, hærverk, ulovleg våpenbruk og truslar.

Trua politiet med kniv og sprøyte

I juni 2014 skal han ha trua ein politimann med ei blodig sprøyte. Under ei pågriping året etter skal han ha trua ein annan med ein kjøkkenkniv, og med å skyte dei som eventuelt kom inn i leilegheita hans. Deretter skal han ha hoppa opp i vindauget sitt med ein kniv.