Hopp til innhold

Skal flagge under pride

Rektorane ved dei offentlege vidaregåande skulane i Ålesund har blitt einige å heise prideflagget juni. Det fortel Rune Heggdal, rektor ved Spjelkavik vidaregåande skole.

Bruken av regnbogeflagg har skapt stor debatt denne veka, etter at kommunedirektøren i Ålesund bestemte at barne- og ungdomsskulane ikkje skulle heise flagget under årets pride-markering.

Heggdal seier det var sjølvsagt for dei å flagge.

– Rett og slett for å markere at vi har eit mangfald av elevar, og for så vidt tilsette, i den vidaregåande skulen. Så etter ei kort avklaring blant rektorane bestemte vi oss for å halde på det vi har gjort dei siste åra.

Han seier at han har forståing for at flaggsaka har skapt debatt.

– Eg skjøner at det er mange meiningar rundt det, men for oss er ikkje pride politisk. Det er å ha ei haldning om at vi skal ha mangfald, både når det gjeld legning, utsjånad og kva folk vil gjere. Og det skal vi ta vare på.

Rektoren fortel at også elevane har vist engasjement i saka.

– Elevrådet var veldig for at vi skulle flagge og var redde for at vi måtte følge det same som Ålesund kommune har bestemt. Men det kunne vi roe dei med at det gjer vi ikkje, seier Heggdal.

Rune Heggdal, rektor ved Spjelkavik vidaregåande skole
Foto: Remi Sagen / NRK