Hopp til innhold
Pride i Kristiansund
Foto: Anne-Mari Flatset

Pride i Møre og Romsdal

  • Utfordrer kultur- og likestillingsministeren

    Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) utfordrer kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery om pride-markeringa i et skriftlig spørsmål på Stortinget.

    Klinge mener at foreldre og elever som ikke støtter pride, ikke har tatt stilling eller ikke vil markere dette blir påtvunget en markering når kommunen eller rektor har bestemt at det skal heises pride-flagg på skolene.

    Klinge har tidligere sagt at hun også er kritisk til organisasjonen Fri.

    Bakgrunnen for det skriftlige spørsmålet er striden om pride-flagging på skolene i Ålesund der politikerne til slutt vedtok at skolene selv skal få bestemme om de vil flagge.

    Klinge mener kultur- og likestillingsministeren med sine uttalelser har bidratt til en polarisering av debatten.

    Jenny Klinge, Senterpartiet.
    Foto: Senterpartiet
  • Politisak etter at prideflagg blir tilgrisa

    Politiet startar etterforsking etter at eit prideflagg ved Latinskolen i Ålesund blei funne tilgrisa. Flagget blei heisa måndag morgon, og blei funne på bakken av tilsette på skulen måndag ettermiddag.

    Rektor Ole Reinlund seier saka er trist.

    Det har vore mykje debatt om prideflagging ved skulane i Ålesund siste tida.

    Prideflagg i Ålesund
    Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
  • Heiser ikkje regnbogeflagg

    I eit felles skriv til dei tilsette ved Spjelkavik barneskule går det fram at dei ikkje kjem til å heise regnbogeflagget under pride. Det skriv Sunnmørsposten.

    Rektor ved skulen, Tor Arne Aasen, seier til avisa at han har tatt eit standpunkt. Han seier mellom anna at det er 190 skuledagar i året og at han ikkje skal bli målt etter om dei flaggar for pride eller ikkje.

  • – Kan ikkje tvinge alle inn under prideflagget

    Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) meiner det er feil av Likestillingsombodet å refse Ålesund kommune for å seie nei til pride-flagging på skulane.

    Ho meiner likestillingsarbeidet tek feil retning når markeringa av likestilling, mangfald og kjærleik blir knytt opp mot bruken av regnbogeflagget.

    Klinge krev respekt også for dei som vil la vere å bruke eit flagg, som ho meiner er nært knytt til organisasjonen FRI og som står for haldningar ho ikkje deler.

    – Eit likestillingsombod i eit demokratisk land med meiningsfridom bør vere oppteken av at alle har like rettar til å uttrykke meiningane sine. Då blir denne meiningstvangen, der alle skal inn under det same flagget, problematisk, seier Klinge til NRK.

    Klinge seier at bruken av regnbogeflagget ikkje berre handlar om mangfald, likestilling og kjærleik.

    – Det finst fleire måtar å markere likestilling og mangfald på enn å vifte med eit bestemt flagg. Og ein må vite at det ligg ein ideologi bak dette flagget. Denne ideologien er knytt til organisasjonen FRI. Og det er mykje problematisk som er knytt til radikal kjønnsideologi, at vi ikkje har det kjønnet vi har, men det kjønnet vi føler og at sårbare menneske må ta operasjonar for å føle seg bra nok, seier Klinge.

    Klinge seier at det er viktig at skulane arbeider med likestilling og toleranse.

    – Men vi kan ikkje tvinge alle inn under pride-flagget. Dette gjeld både barna og foreldra. Og det blir feil at alle skal vere nøydde til å markere dette på ein bestemt måte, seier ho.

    Men likestillingsombod Bjørn Erik Thon seier at måten han har reagert på overfor Ålesund kommune ligg til kjerneoppgåvene hans?

    – Her medverkar Likestillingsombodet til det moralske ramaskriket som brer seg i samfunnet, der alle som er likestillingsorientert og tolerante og for mangfald, men som ikkje vil feire på ein bestemt måte, blir stempla som intolerante, hatefulle og håplause. Dette bør Likestillingsombodet halde seg for god for, seier Klinge til NRK.

    Jenny Klinge
    Foto: Terje Reite / NRK
Prideflagg i Ålesund

Fann nedgrisa prideflagg utanfor skule i Ålesund - politiet startar etterforsking

Pastor Hans Reite åtvarar mot pride-parade i Volda og seier det kan bli kasta forbanning over bygda. Landbruksminister Jon Georg Dale tek til motmæle og bed om toleranse.