og Rune Hustad
Arne O. Sæther er leiar i Samarbeisdsorganet for Surna, og han fryktar at oppdrettslaksen kan gjere stor skade i elva.
Handplukka fiskarar skal delta i fisket, som startar til helga og varer ut november.
Ikkje til eiga vinning
1300 tonn laks rømde frå Marine Harvest sitt oppdrett-sanlegg utanfor Tustna for vel tre veker sidan. No skal elveeigarane i Surna starte prøvefiske, for å finne ut kor mykje av den rømde laksen som har gått opp i elva. Fisket startar til helga, og skal foregå fram til 1. desember, men det er altså ikkje fritt fram å ta fram fiskestanga. Fiskarane er allereie plukka ut, og fangsten er det også reglar for. Den skal ikkje nyttast til eiga vinning, men kan giast bort til alders og sjukeheimar, eller seljast til inntekt for kultiveringsarbeidet i elva.