NRK Meny
Normal

Skal ete katten dersom Volda taper

Nokre har meir å tape enn andre under fjerdedivisjons kampen mellom Volda og Skodje i kveld.

Geir ringstad

SATSA KATTEN: Ringstad har valt å satse noko utradisjonelt på at Volda vinn over Skodje i dag.

Foto: Privat

– Ja, det stemmer at eg har sagt at eg skal ete katten dersom Volda taper for Skodje, seier ein lattermild Geir Ringstad til NRK.

Ringstad har ei fast tippespalte på Skodje IL sine sider, og det var her han kom med påstanden om at han skulle ete katten dersom Volda taper mot Skodje i kveldens kamp. Ringstad klassifiserer oppgjeret som det ultimate topp mot botnoppgjeret, og meiner Volda er klar favoritt.

Innlegget har blitt delt fleire gongar på Facebook, og på Volda Fotball sine facebooksider står den følgjande oppmodinga.

«Vi håper alle at grøntrøyene våre tek ansvar og bergar katten til Geir Ringstad!!!».

Kampen mellom Volda og Skodje finn stad på Volda stadion i kveld klokka 18.30, og Ringstad innrømmer at han er ekstra spent før avspark.

– Eg kjem til å følgje nøye med på kampen på nettet, seier han.

Utradisjonell tippesats

Volda toppar tabellen suverent etter vårsesongen med 31 poeng og 6 poengs leiing på nr. 2, Emblem. Skodje er i andre enden på tabellen med fattige 3 poeng og ein målforskjell på 8–37.

Ringstad er difor så sikker på at det blir heimesiger i Volda i kveld, at han har valt å satse katten på det heile. Og det er ikkje fyrste gong Ringstad har satsa noko utan om det vanlege.

Geir ringstad

SATSA KATTEN: Ringstad har sagt til katten at den må stikke til skogs dersom den høyrer jubelbrøl.

Foto: Privat

– I år er det katten, i fjor lovde eg å ete hatten, seier han.

Då var det Hareid som var favoritt til å vinne kampen, men det gjekk ikkje heilt som planlagt.

– Nei, dei tapte, men då greidde eg å lure meg unna veddemålet. Eg eigde nemleg ingen hatt eg kunne ete, seier han og ler.

Denne gongen er derimot situasjonen ein annan og det er katten Oda som står på spel. Ringstad, som kallar seg sjølv Skodjepatriot har likevel nokre baktankar med den uvanlege tippesatsen.

–Ja, dersom eit lag er favoritt så blir fallhøgda mykje større og presset blir kanskje for stort. Eg håpar jo sjølvsagt at Skodje skal vinne, seier han.

Glad i katten

Men sjølv om han håpar på seier til Skodje, trur han likevel på siger til Volda.

– Eg er jo glad i katten, så på den måten håpar eg at eg har satsa rett, seier han.

– Eg har sagt til katten at dersom ho høyrer eit jubelbrøl, så må ho stikke til skogs, held han fram.

Og kanskje har også katten innsett at det er ugler i mosen,

– Ho har vore noko skeptisk i dag, så eg trur ho veit at noko står på spel, seier han.

Kva gjer du dersom Skodje faktisk vinnar kampen?

– Det trur eg vi må ta etter kampen, men eg kjem nok til å kjenne pulsen stige før kampstart, seier han og ler.

I mellomtida må både katten og Ringstad vente i spenning. Vi oppdaterer saka.

Ved pause stod stillinga 2–0 til Volda, og i Skodje følte også katten seg sikker på seier til Volda.

– I pausen kom katten inn med ei mus i munnen, blid og nøgd, så eg trur ikkje han fryktar noko med det fyrste, seier Ringstad.

Og det gjekk heldigvis Volda, og katten Oda sin veg denne gongen. Med ein 5– 0 seier over Skodje, kunne katten trygt kome heim. Og ein letta Rinstad slapp å ta standpunkt til kva han måtte gjere dersom Volda tapte.